Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra august 29, 2009

Bernt Hagtvet på Frokost med Bernt: det er underlig at ein får lov til å bli journalist utan akademisk utdannelse

frokost med Bernt, med kommentarer. Fritt etter AViken. Eg kom på frokost med Bernt, som vanlig i siste liten inn døra med kaffe i handa og store forventningar, og no skal vi sjå på korleis det gjekk. Først heldt Kristian Meisingset, kulturredaktør i Minerva , ei innleiing om dannelsens sammenbrudd. Dette var interessant, men det er ikkje det eg skal fokusere på her. Eg skal fokusere på litt av dei innspela som kom i etterkant av innleiinga, samt dissikere desse ukritisk frå mitt tastatur på Birkelunden. Først av alt tar eg opp ein replikk som vart servert av Bernt Hagtvet ganske seint i opplegget, men eg tek det først fordi det er det eg anser som mest interessant. Han seier det er underlig at ein får lov til å bli journalist utan akademisk utdannelse. Min kommentar. Eg trur ikkje nødvendigvis mediene ville blittt stort betre om alle hadde høgare utdannelse, all den tid eg trur dette handlar meir om mentalitet og haldningar i media, ein virkelighetsoppfatning så annleis enn mange an

Bygdenorge er i ferd med å bli ein økologisk merkevarebløff

Når ein skal markedsføre bygda, fokuserer ein på det smale, det små og det tilsynelatande økologiske, sjølv om det ikkje er mulig å dokumentere enn økologisk mat er meir miljøvennlig enn konvensjonell, samt at kortreist faktisk er kortreist når du ser den i butikken. Den kan ha tatt ein umerkelig omveg, sjå nøye på merkelappen. Det einaste vi kan dokumentere per dags dato, er at det ikkje går an å dokumentere ein skilnad i miljøeffekt av øko og konvensjonell, kort og langreist mat, produsert i dette landet. På same tid blir landbruk i Norge framstilt som stort, stygt og industrielt. Ein trussel mot vår eksistens, ein trussel mot miljøet, ein trussel mot global handel. Sjølv om det er akkurat like miljøuvennlig eller vennlig, som økolandbruket. Lat meg ta økolam. Dei går på det same beitet som konvensjonelle lam, like lenge, utan kraftfor, og bur aldri i fjøs, bortsett frå kanskje nokre dagar etter fødsel, men økolam går til ein høgare pris og med ein anna merkelapp i butikken. Er det b