Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra november 19, 2012

Ei reise i kunstformidling og vrangvilje

Kunstmusea i Sogn og Fjordane har i fleire år hatt søkkande publikumstal. KUNSTsf2012 Tour la ut på vegen og tok pulsen på kunstformidlinga i Sogn og Fjordane. Kronikk i Bergens Tidende 14.november 2012 av KUNSTsf2012 Tour. Les vå r blogg eller følg oss på Facebook. Sjå våre YouTube-episodar om kunst.  Oppspark. Nittitre millionar kroner er brukt på det nye kunstmuseet som vart opna i Førde 8. september 2012. Bygget og beløpet er knapt diskutert i media, og museet skaut for mange opp av bakken like fort som julekvelden kom på kjerringa. NRK melde om 1100 besøkjande under opninga, men opninga av signalbygget i Førde vart oversett av alle nasjonale medium. I 2011 var det berre 858 besøkjande ved museet. KUNSTsf2012 Tour er kalla opp etter opningsutstillinga, KUNSTsf2012, og er ei sjølvfinansiert reise til ulike museum, kulturpersonlegdomar og kulturinstitusjonar i Sogn og Fjordane. Vi (Anne Viken og Frank Willy Djuvik) ønskte å undersøkje formidlinga av k...