er navnet på ei bok eg tilfeldigvis plukka med meg på Tekstallianse for ein billig penge. Forfattaren er Andrew Kafuman, og boka handling sirklar rundt Tom som på bryllupsdagen blei usynlig for kona si, Den som gjør alt perfekt. Alle karakterane i boka, unntatt Tom, er superheltar og ber navnet til superhelteigenskapen sin: dei har kokt ned alle sine trekk og evner til eit ord som karakteriserer personen, og som det ikkje ein gong er sikkert at dei liker sjølv. I boka finn vi personen Fjeset , som er den vakraste alle har sett, men som ingen kan beskrive. Når ho spør folk korleis ho ser ut, kan ingen svare. Dei kan berre sei at ho er vakker. Når ho skal teikne seg sjølv, maktar ho ikkje sette ein einaste strek på papiret. Ho leverer inn eit blankt ark som besvarelse på skulen, og får beste karakter og blir genierklært. Deretter syr ho seg ei hette og har gått med denne over hovudet sidan. I boka finst også personen Den motsatte. " Hver gang du tar den motsatte i hånden, flimrer...