Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra oktober 18, 2010

Nokre små lokalsamfunn kjem til å gå under/ "Ein dropper analysen. Går det gale, veit ein kvar skulda ligg. Den ligg i sør".

utkast til ein artikkel som eg fant ut eg ikkje gadd trykke med det første. "Ein dropper analysen. Går det gale, veit ein kvar skulda ligg. Den ligg i sør", skriv Per Svelle under den talande avsnittstittelen «Den tilslørande nord-sør tenkinga» i boka «Nordområdepolitikken sett frå nord» . Boka kom ut i høst og tar opp ei rekke problemstillingar som er aktuelle, ikkje berre for nord. Tilsløringa fører til at ein i andre omgang ikkje gjer vidare analyser av maktforhalda. Han peiker vidare på at analogien som ligg der er ei slags historisk basert kognitiv grunnhaldning eller magekjensle, som gjer at ein i nord ikkje ser nytta av å trenge ned i dei prosessane som utspelar seg rundt ein. Svelle meiner at å binde tanken for sterkt til skillet nord versus sør kan hemme for nødvendig konkretisering av kva som faktisk foregår. I kor stor grad er ein i stand til å skifte fokus og tenke nytt versus å vere bunden av meir vante førestillingar med utgangspunkt i det som var, spør Svell