Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra november 30, 2008

Pony the pirate og Kvinner og Klær

Eg pleier ikkje akkurat drive å anbefale musikk, men no fann eg ut at det var på sin plass. Pony the pirate skal spele på Mono tirsdag, og sidan min sambygding spelar i bandet, tenkte eg eg måtte sjekke det ut, og det er skikkelig kult. Jøss, så ja, eg anbefaler musikk for ein gongs skuld. Og så kan eg i same slengen anbefale ei bok, og då anbefaler eg East of Eden av John Steinbeck, og magasin? Tja, magasiner er anten noko du les fordi det er interessant, eller fordi det er hjernedødt. I den siste kategorien plasserar eg Kvinner og Klær er ganske hjernedødt med mykje kjedelig stoff, men mange bilder og ganske fint å slappe av med når du berre skal koble ut hjernen, og det er vel det ein har dameblad til? Å slå av hjerne? Så eg slår av hjernen og høyrer på Pony the pirate. Sjekk ut låtane på myspace.

Debatt som samfunnsutvikling

I mi siste Arena-spalte tenkte eg snakke litt om korleis og kvifor skape debatt, samt korleis skrive bra, fullstendig klar over at eg ruslar inn i atter eit minefelt uten fasitsvar. Meg sjølv: Eg brukar det skriflige mediet for å fremme saker på same måte som politikarar brukar politiske parti, og årsaka til at eg skriv, er ei urokkeleg tru på debatt som redskap for samfunnsutvikling og kompetanseheving. Generelt: Skal du skape debatt, treng du a) å ha eit sterkt engasjement og ei klar hensik, og b) ein penn som klarer å trigge temperaturen. Den gode pennen og debatten er med andre ord redskapar på vegen mot målet som er endring eller påvirkning av samfunnet på eit eller anna nivå. les resten i Firda, 29.nov 2008.. eller her.

Lørdagskveld i Oslo 2

Flammekveld på Torshovteateret med, kva ellers enn Flamme forlag. From Anne Viken-blogg From Anne Viken-blogg Monica Isakstuen Stavlund, ukjent diktoppleser, Bendik Wold og Nils Øivind Haagensen. From Anne Viken-blogg Kamerat Fred og eg. Monica Isakstuen Stavlund las høgt frå sin nye boksingle Sånn, borte. (den kan anbefales - eg har lese den). I tillegg var det mykje anna god poesi. Kort sagt ein behagelig kveld. From Anne Viken-blogg fra «en som ennå ikke vet»: du skal dø i dag visste du det? nei du visste ikke det men i morgen vet vi, da skal telefonene ringe, den blå hos mamma den røde i lomma mi, den grønne ved siden av pc-en til den minste broren min, den jeg ikke husker fargen på som ligger på puta til den sovende største broren min og alle de sorte grå, sølvfargede telefonene til de andre som heller ikke visste det, og for hver av dem som ringer dør du igjen og igjen og igjen (…) Diktet er henta frå Flamme forlag.

Lørdagskveld i Oslo 1

Mariavesper i Trefoldighetskirken - mektig. Lite anna kan beskrive. From Anne Viken-blogg From Anne Viken-blogg From Anne Viken-blogg