Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra august 24, 2010

Titte på kunst

Moderna Museet Malmø viser Gunvor Nelson, virkelig verdt å sjekke ut . Eg var der no sist veke, såg utstillinga Spektakulära tider. Eg veit ikkje heilt kva eg skal sei om det, men tja, vanlighet kan kvele deg, er vel ei oppsummering, og det eksklusivt spesielle kan også kvele deg. Livet er fasinerande, kvar dag er spektakulær, det spektakulære i det vanlige. Det vanlige er spektakulært er min konklusjon, og slik er det jo også i virkeligheten. Om du trykker på linken til Spektakuläre tider, klikk deg fram til bilde nummer tre: Madonnan med barnet. Kvalt? Eg synest det biletet er ganske fabelaktig. Det fortel oss ein heil del om konsumkulturen, om småbarnssuperidealet og den der kvardagen, sjølv om denne kvardagen som denne kvinna kanskje representerer, ikkje er den kvardagen som kjem til å ramle meg i hovudet: høgt utdanna med god økonomi. Eller tja, kanskje. Boksemat og støv kan jo ramme oss alle. Var også på Malmö konsthall og såg på nokre figurar av glas innsurra i tråd og blyanta