Kompiskamp, eller kulturkamp som Dagbladet kaller det, bidrar til fordumming av det offentlige rom. Det er alvorlig når mediene ikkje maktar å få fram anna enn barkrakk-kjekling. Anne Viken, frittstående skribent, bloggar og journalist, Oslo Sommarens store agurk, Dagbladets serie om kulturkampen, er over oss og det er tid for å repetere grunnfagspensum i evolusjonsteori og sosiologi, men det er ikkje evolusjonsteori og sosiologi dette avisinnlegget skal dreie seg om. Det skal dreier seg om ei avis i fritt fall, og en liten andedam Oslo. Det dreier seg om ein kompisgjeng i same by som har tatt diskusjonen ut av heimefesten der den høyrer heime, og ut i det offentlige rom. Det handlar om «debatteliten», eller kompisane i den lille storbyen Oslo som føler for å spele litt løkkefotball med kompisane i løkkeblekka Dagbladet, og eit Dagbladet som i desperat kamp mot klokka og pengesekken prøver å gjere seg sjølv relevante ved å intervjue kompisane sine i downtown Oslo. Det skal bli litt av ...