Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juni 20, 2011

Fleip eller fakta??

Ein musikkjournalist som ikkje veit skilnaden på Bob Dylan og Madonna, på gitar og piano, er inkompetent. Ein journalist som legg for dagen eit liknande kunnskapsnivå i naturvitskap, er det ingen som legg merke til. Min påstand er at journalistars manglande kompetanse i naturvitskap gjer det vanskeleg å føre ein kompetansebasert debatt rundt klima, miljø og matproduksjon i det offentlege rom. Ei rekke journalistar greier ikkje skilje fakta frå fiksjon, faktafeila florerer og i ei rekke saker er den naturvitskaplege delen av sakskomplekset droppa. Få redaktørar verkar vere i stand til å sjå faktafeila. Denne artikkelen er publisert som Signert-artikkel i Klassekampen 18.juni 2011. Kommentaren «Grisens hevn» om svineinfluensa av Marte Michelet i Dagbladet (25. juli 2009): Her skriv Michelet at det var blant genmodifiserte svin i Mexico at svineinfluensaviruset oppstod. Teorien om genmodifiserte svin er fin den, men her er eit problem: det eksisterer ikkje genmodifiserte grisar. De