Gå til hovedinnhold

Fleip eller fakta??

Ein musikkjournalist som ikkje veit skilnaden på Bob Dylan og Madonna, på gitar og piano, er inkompetent. Ein journalist som legg for dagen eit liknande kunnskapsnivå i naturvitskap, er det ingen som legg merke til. Min påstand er at journalistars manglande kompetanse i naturvitskap gjer det vanskeleg å føre ein kompetansebasert debatt rundt klima, miljø og matproduksjon i det offentlege rom.

Ei rekke journalistar greier ikkje skilje fakta frå fiksjon, faktafeila florerer og i ei rekke saker er den naturvitskaplege delen av sakskomplekset droppa. Få redaktørar verkar vere i stand til å sjå faktafeila.

Denne artikkelen er publisert som Signert-artikkel i Klassekampen 18.juni 2011.

Kommentaren «Grisens hevn» om svineinfluensa av Marte Michelet i Dagbladet (25. juli 2009): Her skriv Michelet at det var blant genmodifiserte svin i Mexico at svineinfluensaviruset oppstod. Teorien om genmodifiserte svin er fin den, men her er eit problem: det eksisterer ikkje genmodifiserte grisar. Det er ein fiksjon. Vaktbikkjefunksjonen er her kraftig ute av drift. Skal ein kjempe mot internasjonalt industrilandbruk, trengst det kraftigare skyts enn fiksjonsprega kommentarjournalistikk. Kvar er kildekritikken? I ver varsam plakaten, punkt 3.2 kan ein lese: «Ver kritisk i valet av kjelder, og kontroller at opplysningar som vert gitt, er korrekte». Tilføy: «Gjeld også for naturvitskaplege tema».

«Det beste fra de beste» er overskrifta på omtalen av Aftenposten Innsikt på nett, men denne kvalitetsgarantien gjeld ikkje naturvitskap. I novemberutgåva 2010 serverte Innsikt artikkelen «Mikrobene slår tilbake» av frilanser Grete Gaulin. Fin den, om det ikkje var for at Gaulin lanserte «gram negative rods» som ein ny type bakteriar. Ein ting er at desse bakteriene heiter gram negative stavar på norsk, dette hadde vore lett å sjekke. Ein annan ting er at desse bakteriane slettes ikkje er nye, men har eksistert i uminnelege tider.

Denne kunnskapen er banal, men naturvitskapleg kompetanse blir systematisk utelatt og neglisjert i media.

Ein nyttar ikkje journalistar med naturvitskapleg kunnskap, men skribentar som manglar elementær og banal fagkompetanse, og openbart ikkje kan noko om det dei skriv om. Å påstå at gram negative stavar er nye bakteriar, er like presist som å påstå at Tom Egeland er forfattaren bak Sofies verden. Kva slags respekt viser ein for naturvitskapen når ein legg journalistikken på dette nivået?

Av same årsak, den openbare kompetansemangelen på feltet, sa eg for fleire år sidan opp Morgenbladet. Korleis kan Morgenbladet, som skal vere ei seriøs avis for smarte sjeler, neglisjere eit så stort og viktig fagfelt så totalt? Har ikkje naturvitarar krav på journalistikk som held eit minimumsnivå? Eller skal vi akseptere at naturvitskap er «nisjekunnskap», og at reportasjar som omtaler feltet så og sei er skrivne på babyspråk? Kvifor, i tilfelle, skal det vere slik?

I kronikken «Født sånn eller blitt sånn?», Dagbladet 19. april 2010, skriv Harald Eia og Ole Martin Ihle: «Hvorfor snakker folk i Norge norsk og folk i Vietnam vietnamesisk? Her ville «den fornuftige mellomposisjonen vere at nordmenn har gener som gjør det lettere for dem å lære norsk, og vietnamesere som gjør det lettere for dem å lære vietnamesisk», skriv dei to hjernevaskarane. (Den fornuftige mellomposisjonen mellom naturvitskap og humaniora). Problem: det er ingen mellomposisjon dei viser til, men ein biologisk deterministisk fløyposisjon. Forstår ikkje Ihle og Eia grunnleggande biologi?

Det siste utskottet på lista over neglisjering av naturvitskap er boka «Mat er makt» av Kaare M. Bilden. Boka har så og sei droppa alt som omhandlar økologi, medisin og praktiske utfordringar knytt til til dømes smittsame sjukdommar, sjølv om dette høyrer til blant verdas viktigaste praktiske handelshindringar og utfordringar knytt til klima, helse og handel. Er det for vanskeleg til at ein vil gå inn på det? Blir det ansett som irrelevant? Veit ein ikkje om denne kunnskapen? Det er nærliggande å mistenkje det siste.

Då må ein berre sjå seg sjølv parkert på sidelinja. Kunnskap i naturvitskap er makt. Ein må forstå ei rekke økologiske og biologiske kompleks for å få brikkene på plass i debatten rundt handel med mat. For å i det heile få auge på desse brikkene, må ein ha innsikt i feltet. Det er som med andre fagfelt.

Kompetansemangelen fører til at media taper makt og innflytelse. Dei flyttar seg frå informasjon til desinformasjon og lett underhaldning. Det er ambisjonslaust og ser ganske dumt ut på trykk. Eventuelt er media vårt fremste bevis på folks sviktande kunnskapar i naturvitskap og matematikk.

Les også om Medieblöffarar og kildekritikk i Expressen. Link

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...