Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra januar 15, 2013

Sjølvhjelpsbøker kan vege opp for manglande forstand. Gode bøker gjer deg klok

Før jul tenkte eg at i 2011 skal eg bli eit betre menneske. Så kva skal ein stakkar gjere. I ein artikkel på Aftenpostens kultursider las eg at eg kan bli egoist, ja ein kunne enda til få lokka fram sin indre psykopat om ein les for mykje sjølvhjelpsbøker. Egoist er eg frå før, psykopat treng eg ikkje bli. Eg vurderte risikoen som ikkje verdt å ta, og på veg bort frå sjølvhjelpshyllene ramla eg over Edvard Hoem. Trykt i Klassekampen som signert-spalte, januar 2011 Hoem er ein mann med mykje hår og mykje stemme som skriv mangt og mangfaldig. Blant anna boka «Ave Eva». Så kva lærte eg av «Ave Eva»? Eg lærte at ikkje bør rømme frå kjærast og barn utan å sei frå, samt at odelsretten er ei last som kan øydeleggje liv. Neste bok ut var «The Glass Castle» av Jeannette Walls. Her las eg at foreldre ikkje bør bruke pengane sine på alkohol når dei har fire ungar som treng mat, samt at ein ikkje skal køyre lastebil i mange timar med eit spedbarn laust liggjande bakpå lasteplanet. Då kan sp