Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra november 6, 2010

Asfalter, NO!!

Den store folketalsquizen Og korleis kan gamlisar på distriktsutviklingskonferansar redde utkantane? Kvifor bestiller ein sjølvsagtheiter i rapportform? Og ein haug med andre spørsmål. "Ein dropper analysen. Går det gale, veit ein kvar skulda ligg. Den ligg i sør", skriv Per Svelle under den talande avsnittstittelen «Den tilslørande nord-sør tenkinga» i boka «Nordområdepolitikken sett frå nord». Tilsløringa fører til at ein i andre omgang ikkje gjer vidare analyser av maktforhalda. Dette kan også seiast om Vestlandet. Ein grip til påstanden «vi er overkøyrde», og sentraliseringa er sterk, og let dermed vere å tenke sjølv. På same tid som mang plasserer skulda for utviklingsproblema i sentrum, søker ein i utkantane etter nye fokus og nye tankar. Toppturar, seier ein og kastar seg på naturfokuset. Ein har sett i trollspegelen, media, og sett at friluftsliv er i vinden. Ein forsøker å vere det den urbane middelklassen ønsker seg: eit friluftsinnramma paradis for deg med fritt