Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra januar 15, 2010

Er Sogn og Fjordane eit helvete på jord?

Bergens Tidende prøver seg idag med eit drapsforsøk på underteikna, ved å sette på ein ny og vakker tittel: Er Sogn og Fjordane eit helvete på jord? Tittelen er heilt vanvittig tabloid, og underteikna fekk eit lettare sjokk då eg såg den idag, for fem minutt sidan, på nettsida til BT, men etter å ha sjekka responsen på kronikk og tittel online, er det visst greit. Den tittelen slår hardt frå seg, men funker seier folk. Eg skjønar heretter at eg har litt å strekke meg etter når det gjeld å sette titlar på mine kronikkar. Dagens tittel er tidenes villaste, men alright. Den blir hard å slå, men eg skal alltis forsøke framover. Les kronikken her. Kronikken har ei rekke gode poeng som er verdt å ta med seg, så den bør lesast og takast på alvor. Les også Sparebankens respons på kronikken. Klokka halv fem-fem er eg på NRK Sogn og Fjordane, radio, for å snakke om tematikken.