Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra august 27, 2008

Redaktørane og debatten (trykt i Bergens Tidende og Klassekampen, fredag 29.august 2008)

Lokalredaktørane og debatten "Debatten som er starta om lokalmediene er viktig og bra". Meldingane tikkar inn på mobilen min frå forfattarar, skribentar, journalistar, politikarar og kulturfolk i og frå fjordfylket. Eg har skrive ein kronikk i Bergens Tidende (BT) og Klassekampen om lokalmediene i Sogn og Fjordane. Debatten i etterkant vart nasjonal. Men det er ikkje meg debatten skal handle om, sjølv om lokalredaktørane i fjordfylket atter ein gong har valgt det billige grepet å stille spørsmål ved mitt kompetansegrunnlag, samt gå i sjølvforsvar, heller enn å diskutere temaet. Personfokuset og sjølvforsvar framfor diskusjon er symptomatisk for debattkulturen i fylket og symptomatisk for ambisjonane i fylkets lokalmedier : begge ting tilsynelatande fråverande. Kva hjelp det å påberope seg at lokalavisene aldri har vore betre (Jan Atle Stang) når ein ikkje viser det? Det er nok mykje det vi ser her også. Forsvar for lokalmediene heller enn debatt, forsvar for ein debatt og ny...

Av og til føler eg at mine sitater trekkes litt vel langt

Fjordaglimt-tråd om at Firda dekker Sogndal for lite. Eg må innrømme at ein for meg personlig godt kunne ha sløyfa heile sportsseksjonen i alle landets aviser. Dette er sjølvsagt eit usakleg argument all den tid mange er opptatt av sport: vi kan ikkje berre sløyfe sporten. Då ville det komme motkrav om å sløyfe debattseksjonen eller utenriks, og så var vi like langt. Vi må ergo behalde sportsseksjonen. Uansett. Når vi først skal ha sportsdekning, og vi først skal snakke om sport, er Firda, slik eg oppfattar det etter mi begrensa sportslesing, betre på sport enn mange andre større aviser: Firda fokuserer for det meste på idretten og folk i idretten på grunn av idretten, medan mange større mediehus fokuserer meir på idrettsutøvaren , enn på idretten og prestasjonane. Firda har altså eit lokalt idrettsfokus, og ikkje berre det gudsjammerlige personsfokuset som i stor grad har inntatt sportsjournalistikken ellers. Det syns eg Firda fortjener ros for. Biletet er aldri svart kvitt. Men nå...

Strand rider igjen

Avisene: - Griseri, pinlig og skandale Av og til vurderer eg å bli enig med Torbjørn Røe Isaksen og Audun Lysbakken om at kommentatorane i avisene har for stor makt. Og på meg virkar dei til tider maktsjuke, dei bles opp sakene og brukar store ord berre fordi dei synest det er gøy å smelle til i offentligheten.. For sirkus er gøy, er det ikkje?