Gå til hovedinnhold

Redaktørane og debatten (trykt i Bergens Tidende og Klassekampen, fredag 29.august 2008)

Lokalredaktørane og debatten

"Debatten som er starta om lokalmediene er viktig og bra". Meldingane tikkar inn på mobilen min frå forfattarar, skribentar, journalistar, politikarar og kulturfolk i og frå fjordfylket.

Eg har skrive ein kronikk i Bergens Tidende (BT) og Klassekampen om lokalmediene i Sogn og Fjordane. Debatten i etterkant vart nasjonal. Men det er ikkje meg debatten skal handle om, sjølv om lokalredaktørane i fjordfylket atter ein gong har valgt det billige grepet å stille spørsmål ved mitt kompetansegrunnlag, samt gå i sjølvforsvar, heller enn å diskutere temaet. Personfokuset og sjølvforsvar framfor diskusjon er symptomatisk for debattkulturen i fylket og symptomatisk for ambisjonane i fylkets lokalmedier: begge ting tilsynelatande fråverande. Kva hjelp det å påberope seg at lokalavisene aldri har vore betre (Jan Atle Stang) når ein ikkje viser det?

Det er nok mykje det vi ser her også. Forsvar for lokalmediene heller enn debatt, forsvar for ein debatt og nyhendestrategi som ser ut til å vere tilfeldig og eller fråverande. Vi har klede på seier dei. Problemet er at vi ser dei ikkje.

Distriktredaktør i NRK Sogn og Fjordane, Kai Aage Pedersen skreiv eit aggresivt og defansivt innlegg i Bergens Tidende. Kva er det som får ein distriktssjef til å skrive slikt i BT? Pedersen veit at kritikken min ikkje gjekk på NRK, likevel ramsar han opp NRKs bragder i eit lesarbrev i Klassekampen. Reint sjølvforsvar. Eg etterlyser innlegga som viser at den bevisste og kritiske sansen er tilstades. Dei kom ikkje.

"NRK Sogn og Fjordane bare bekrefter sitt eget lave nivå i sine motinnlegg. Journalistene har riktignok høy utdanning, men ikke innenfor journalistikk, så de vet vel ikke helt hva de holder på med. Når de prøver å argumentere, så ender det opp i personangrep. Jeg er glad for at jeg ikke bor i Sogn og Fjordane," skreiv ein debattant som respons på innlegget. Debattanten illustrerer ein reaksjon som mange har kome med under debatten: "Det har det vært foruroligende å se lokalpressens svar på Vikens kronikk," skreiv Klassekampen på leiarplass 30.juli.

Debatt er noko av det viktigaste ei avis kan drive med. Men redaktørane i fylket har med sin respons bekrefta mine påstander om fråver av ambisjonar og debatt. Det er greit at det kjem til overflata, men også trist at dei ikkje viser evne til sjølvrefleksjon. Det kan også tyde på at der er aksept for banal debatt i fjordfylkets lokalmedier.

Men fråveret av kritisk debatt i det offentlege rom, fører igjen til mangel på framsteg i samfunnet. Ein personfokusert samfunnsdebatt fører til at ein ikkje får tilvekst av nye stemmer og debattantar. Mangel på sjølvransaking gir stagnasjon og forflatning av både debatten og utviklingskurva i fylket. Betre medier kan vere med på å snu utviklinga innad, og biletet av Sogn og Fjordane utad.

Men både redaktøren i Sogn Avis og redaktøren i Firda viser i sine tilsvar at dei meiner dagens lokalmedier er gode nok. "Offeret er utviklinga av ei kritisk offentlegheit i Sogn og Fjordane", skreiv Egil Sunde i BT 26.juli. Eg stiller meg bak Sunde.

Medan eg skriv tikkar denne meldinga inn frå ukjent nummer: "Er dette rett Anne Viken? Det er ein viktig debatt du har starta. Du set ord på ein viktig mangel i heimfylket. Avisene i heimfylket vårt er stort sett overflatiske og refererande." Meldinga er frå ein journalist. Eg seier meg einig. Debatten om lokalmediene som har gått i sommar er viktig. No spørs det om lokalmediene sjølv greier å ta tak i debatten på eit sakleg nivå, tenkte eg då. Fire veker er gått. Mange klarte det, men lokalredaktørane frå Sogn og Fjordane klarte det ikkje.

Anne Viken

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Spelet om ØKO-maten, The øko-GAME: Marked - forbruker

Om spriket mellom PR og røyndom. (Med andre ord-artikkel publisert i Klassekampen 26.februar 2010) Bønder er og blir ei spesiell gruppe. Før var det høgstatus å vere storbønder. No er du er ein systematisk dyremishandlar, industriforbrukar av stakkars kyr og ellers ein trussel mot vår alles eksistens. Du tømmer dritt ut i atmosfæren, og driver oss alle lukt i undergangen. Før var det lågstatus å vere småbonde. Du hadde mindre makt, mindre pengar, sat gjerne på leigd jord og måtte sende alle sønene dine til USA om dei ville overleve. Du hadde så lite gras over vinteren at kyrne dine knapt klarte stå på beina når du slapp dei ut om våren, og du budde i eit lite hus fullt av ungar du streng tatt ikkje burde hatt meir enn halvparten av. No er det høgstatus å vere småbonde. Du er småskala og naturvennlig, lever gjerne på ein stad der ingen skulle tru at nokon kunne bu, og småskala kyr er innhylla i eit mytologisk teppe av grønt gras under spreke klauver. Dei har forgyl...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...