Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra februar 26, 2008

Bergen i våre hjarte

Bergen i mitt hjarte. Kva er det med Bergen som får alle vestlendingar til å ville forbli her til evig tid, eventuelt dra hit for å studere for seinare å reise tilbake til der dei ein gong kom frå ein annan stad på Vestlandet, medan Bergen fortset med å forbli å våre vestvende hjarte? Kan det vere det sinnsyke regnet som hamrar ned og vinden som vrir paraplyen, eller haglet som treffer deg i skallen som kuler når du kryssar Torgallmenningen, eller er det det store fråveret av østlendingar.. Eller er det kort sagt at her kryr av kjente som ein har kjent sidan ein var ein neve stor, som ein sprang i skauen med då ein var liten, bada naken med i elva eller drakk sine første øl sammen med? Muligens. Så da vil det med andre ord sei at eg trekkes mot Vestlandet som eit ledd i eit nostalgisk tilbakeblikk mot ein svunnen barndom. Hm. Det vil i såfall bety at det ikkje er vitsi å reise tilbake. Barndomen er jo unekteleg over. Og eg kjem som alle andre til å måtte jobbe og slite for å overleve,

Fylket som er som alle andre

I Sogn og Fjordane kan du både skape deg ein karriere og leve det gode liv. Anne Viken, journalist Kommentar trykt i Firda 21.februar OMEGA 3 FRÅ MÅLØY: Omega 3 of Norway Eg hasta avstad gjennom Oslos gater på vei til messe om næringslivet i Sogn og Fjordane, og hadde strengt tatt ingen ide om kva som venta meg. Det første som slo meg, var at overskrifta Framtidsfylket er ei overskrift som lovar svært mykje. Det andre som slo meg, var at ein skal aldri lure kunden. Fredag viste det Stryn-baserte merket Moods of Norway fram årets høst- og vinterkolleksjon på Bislett stadion under brask og bram, så det var med ein viss skepsis eg høyrde at moromannen Ole Johannes Øvretveit skulle opptre på næringslivsmessa som skulle rekruttere nye innbyggarar til Sogn og Fjordane. Kvifor har dei ikkje trekt fram yngre og meir imagevennlige sjeler enn Øvretveit, tenkte eg. Her i Oslo vassar vi dessutan i moromenn og standup-komikarar til langt over knea. Gi meg Moods of Norway, tenkte eg