Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra oktober 20, 2011

Ottars mediale havari

Ottars sinne og frustrasjon over at dei ikkje er i stand til å nå gjennom i media, endar opp i eit angrep på Klassekampen. Leserbrev i Klassekampen 20.oktober 2011 Ottars representantar skriv (lesarbrev 15.oktober): « Reell, feministisk kamp blir og har blitt drevet av kollektiv: innen organisert kvinnebevegelse, innen fagbevegelse, og innen grasrota i politiske parti på venstresida». Hei Ottar: Tidene, og det mediale klimaet, har endra seg, om enn ikkje Ottar. Vi nyttar bloggar, sosiale medier, tradisjonelle medier, tekst, foto og nettverk. Det er supereffektivt. Lær av oss! Mediekompetanse + fagkompetanse = tar over debatten. Difor blir enkeltaktørar oppringt av media og set dagsorden medan Ottar snublar rundt og er forbanna over at gårsdagens mediemetodar ikkje lenger funkar. Og sirkelen er slutta: ein får ein individuell, eller såkalt fragmentert, kjønnskamp basert på dei aktørane som taklar media. Ottar skriv: «Det paradoksale er at venstre sidas dagsavis de siste tiår ...