Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra november 4, 2011

Du er ei hore! Farlege Oslo: om å bli trakassert av utlandske menn i Oslo- min artikkel i vekas Morgenbladet

Eg har måtta hoppe ut av taxiar og finne meg i å bli fotfulgt natt etter natt. Er dette akseptabelt? NEI. Farlege Oslo, les heile artikkelen her.  Utdrag: Gjekk eg oppover gata, kom dei kryssande frå andre sida. Om eg ikkje snakka når dei snakka til meg, fortsatte dei å mase. Om eg svarte, fulgte dei etter. Eg har blitt fotfulgt frå Torggata til Birkelunden fleire gonger. Anten tett på, eller på andre sida av gata. Sjølv når eg har hatt følge, har eg blitt fotfulgt. Avslutning: Å sei at innvandrarmenn plager kvinner, er ikkje å sei at ingen etnisk norske gjer det. Å påpeike at innvandrarar plagar kvinner, er ikkje det same som å sei at alle innvandrarar plagar kvinner. Det burde vere unødvendig å påpeike. Å legge fram erfaringar, er ikkje eit bidrag til stigmatisering av minoritetar sjølv om enkelte forsøker å få det til å framstå slik. Når ein diskuterer overfallsvoldtekter som problem, treng ein ikkje vise til at dei fleste voldtekter skjer i heimen. Det er avsporing