Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2013

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang

Det er ingen, som med kompetanse i hand, kan hevde at rev eller kanin i bur er godt dyrehald. Påstanden speglar kun haldningane til avsendar, ikkje kompetansebasert argumentasjon.

Viktigheita av gode haldningar Trykt i Nationen som gjestekommentar 26.februar 2013. Anne Viken er veterinær. Følg meg på Twitter eller Facebook. Interessert i dyrevelferd? Abonner på denne bloggen i høgre marg. Kanin leikar i papphus. Lett å lage. Tirsdag sist veke stod det på trykk ei sak i Dagbladet om kaninhald. Saka handla om kaninen Erling som hadde site ti åreinsam i eit lite bur. Som eit resultat av det stillesittande burlivet fekk Erling beinskjørhet, leddgikt og slitasjeforandringar i ryggen. I tillegg blei han deformert grunna manglande muskulatur. Årsaka til at saka er svært god, er at det sit mange misheldne kaninar som Erling rundt i landet. Ofte utan at eigaren veit at han driv nettopp mishald. Dei treng kunnskap for å endre haldningar til hald av kanin i bur. Under bileta i denne posten får du tips til godt kaninhald. Takk til Marit Emilie Buseth, forfattar av Den store kaninboka, for hjelp med fakta og råd, samt foto til posten. Tirsdag kveld var

Les kapittel 1 og 2 i Elise og mysteriet med dei døde hestane

Foto: Karina Hetle Solheim, Fosseheimen Naturpark Trykk her og les!

Konspiratorisk vinter

Har du lurt på kor ekte historiene i Elise-bøkene faktisk er? Dei er faktisk veldig ekte.

Eg gleder meg! Det blir spenningsbok. Bok to om Elise legg seg, frå starten av, to spenningshakk over bok ein. Testlesarane meiner den er ganske nifs, men ikkje for nifs. Litt nifst må det trass alt vere når Elise er i praksis! Kilder til historier, miljø og bakteppe i Elise og mysteriet med dei døde hestane : Bakom synger skogene, Trygve Gulbranssen Gøsta Berlings saga, Selma Lagerlöf Mannen som lytter til hester, Monty Roberts Dette er hytta eg budde i. Og hytta der Elise og Kalle bur Case frå praksis er henta frå Jämtland i nord-Sverige. Alle er autentiske og medisinsk korrekt attgitt. Hesten Anton er beskriven ned på detaljnivå korrekt, med diagnoser, symptomer og behandling, dag til dag. Han var min pasient, og eg brukte journalen hans då eg skreiv boka for å attgi den korrekt, men hesten er i boka flytta til eit anna miljø som på ingen måte minner om dei glimrande eigarane som tok seg av "den verkelege Anton". Alle pasientar i boka og all

Held du kaninen din i eit lite bur? Gratulerer! Du kan smykke deg med tittelen "dyreplagar"!

Burdyr? Nei. Foto: Marit E Buseth Kaninen Erling (10) fikk beinskjørhet, leddgikt, slitasjeforandringer i ryggen og ble deformert på grunn av manglende muskulatur. Ti år i bur...  Les denne gode artikkelen i Dagbladet om kva som skjer med kaninen. Kva slags mennesker er det som held dyr på denne måten? Ein kan spørre seg. Du kjenner sikkert nokon. Vanlege folk som ikkje bryr seg, og som ikkje burde hatt dyr fordi dei mangler kompetanse og interesse. Dette er klare brot på lov om dyrevelferd. Dyreplageri er ikkje lov i Norge . Men paradoksalt nok, i Norge kan kven som helst halde dyr, og det er ingen tvil, når ein har vore ute i felten og sett på dyrehaldet, at kven som helst ikkje er kvalifisert. Kanin er eit av dei mest mishaldne kjæledyra vi har, ofte verre enn pels. Mange kaninar sit eit heilt liv i eit knøttlite bur aleine. Dei kan leve opp til tolv år. Kaninen er eit dyr som kan springe opp mot 45 km/ timen, og er svært sosiale. Det seier seg sjølv at desse dy

Bok to om Elise er under produksjon!

Sånn ser det ut, siste redigeringsrunde før språkvask. Kapittel ein i bok to om Elise! Og no kjem øyeblikkelig bok ein i pocket! Les Marit Emilie Buseths blogg om bok ein ! Under ser du bloggaren Hjortefots bokanbefaling:)

Kjappe fakta for hald av ein glad kanin!

Fakta om hald av ein glad kanin from anne viken on Vimeo . Takk til Karina på Fosseheimen Naturpark for lån av kanin og lokale, samt kamaraføring! Takk til Marit Emilie Buseth ( sjekk den gode kaninbloggen hennar her ) for hjelp med fakta! Vil du vite meir, les Den store kaninboka!  Sjå fleire faktavideoar om dyr her!

Dagens kronikk i VG: Gufs frå fortida

Les kronikken hos VG+

Senterpartiets tilnærming til dyrevelferd er eit gufs frå fortida.

Senterpartiets tilnærming til dyrevelferd er eit gufs frå fortida. Den kompetansebaserte banehalvdelen av landbrukspolitikken er open.  Les artikkelen hos VG+ Haldningane partiet frontar, er haldningar frå ei tid då dyrevelferd vart ansett å vere ein disiplin for dyrevernarar, ikkje ein fagdisiplin tungt underbygd med forskning. For Senterpartiet er landbruksdyr eit virkemiddel til å nå distriktspolitiske målsetningar om folk og fe over heile landet, og på distriktspolitikkens alter ofres hensyn til norske landbruksdyrs ve og vel, samt hensynet til kvalitet i produksjon. Dette ser vi i sak etter sak. Framfor å bygge på dagens kompetanse, bygger Senterpartiet politik og tiltak på gårsdagens myter og ideologi. Artikkelen er trykt i VG 12.februar 2013 Det viser seg i sak etter sak. Senterpartiet har delteke i å nedkjempe norske kyrs rett til utegang. Norske kyr i lausdriftsfjøs skulle etter forskrifta frå 1.januar 2013 hatt krav på åtte vekers utegang. No er for

Nesten som å lese Trygve Gulbranssen: boktips

Britt Karin Larsens fire bøker om folket på Finnskogen er det nærmaste eg har kome ein nolevande forfattar som er på høgde med Trygve Gulbranssens natur-, villdyr- og folkelivsskildringar. Dette er ein pageturner av ein historisk roman med sterke skildringar av leveforhold, natur, villdyr og eit komplekst sett av mellommenneskelege relasjonar. Profetene i Evighetsfjorden er ein slik roman ein må bli imponert over, både skildringane av Københamn seint 1700-tal, men også av livet på Grønland. Også denne romanen inneheld svært gode person- og relasjonsskildringar som er berande for historia, særleg i første delen, der hovedpersonen, presten, befinn seg i Køben. Skildringane av det kummerlege livet i kolonitidas Grønland går gjennom marg og bein, bokstavleg talt. Det er ei slik bok ein hugsar, men ein litt tyngre read enn Larsens triologi frå Finnskogen.   Eg liker vanlegvis ikkje fantasy, men denne taklar eg å lese. Eventyraktig fantasy med gode relasjons- og personskil