Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juni 6, 2012

To romanar: fantastisk klokskap og statusjagande ektepar

Tilbaka til henne. Sara Lövestam, Piratforlaget.  Kort sagt fantastisk bra bok som gjerne skulle ha vore tre gonger så lang, sjølv om den alt er på 580 sider. Kom ut på svensk i slutten av mars og skriven av Sara Lövestam , ein ung svensk forfattar det er verdt å følge med på. Dette er ein slik roman det går lang, lang tid mellom kvar gong du kjem over. Eit skikkelig litterært funn. Handlinga vekslar mellom notid og perioden 1906-1919, mellom vår tids Hanna og den tids Signe, skulefrøken i Tierpe utanfor Stockholm. Det er fascinerande og truverdige skjebnesskildringar, ingen happy ending, men real life ending. Livet smerter oss, men vi kan leve vidare likevel. Det som gjer sterkast inntrykk er relasjonane og korleis relasjonar blir oppløyste og ødelagt, erstatta av nye. Relasjonar som ein kanskje trudde skulle vare evig, som går i knas og mister sin relevans, men som likevel kan prege eit heilt liv, sjølv etter at dei er over. Jag skulle aldrig ljua för dig, Moa Herngren, Wa