Kultureliten gjer Frp større, skriv Knut Roger Andersen i styret for Oslo Arbeiderparti fredag 10.juli. Vidare skriv han om den vestkantprega gjengen på Kunsternes Hus som gjer motstanderne av Frp ei bjørnetjeneste. Denne gjengen er i følge Andersen ein elite, nærmare bestemt den over alt diskuterte «kultureliten».
Det er her på tide å utvide kulturelitebegrepet, eventuelt kulturelitebegrepet, samt rette litt opp i Andersens oppfatning av kvar kultureliten likar å henge når dei skal svinge vinglaset sitt.
Lat oss ta det siste først. : ikkje alle som tilhøyrer kultureliten heng på Kunstnernes Hus. Det er kun ein liten del av den Oslo-baserte delen av denne såkalla eliten som heng her jevnlig. Sjekk ut ei rekke stader rundt Youngstorget, blant anna, samt Grüerløkka.
Eller definerer Andersen kultureliten som utelukkande folk over eit visst alderssegment samt Frogner-fruer? Sistnevnte høyrer vel ikkje akkurat til kultureliten slik Andersen definerer det. Dei er økonomisk elite,...