Er det nett det der er, for deg med eit uant og godt skjult talent som du først tek fram etter førtiårskrisa, og du innser at dei glitrande dikta dine om hunder på gata, eller din eigen oppvekst, eventuelt om kva som befinn seg bak stillaset framfor kirka på heimstaden din, berre må ut av skuffa. Tja, eg stiller meg spørsmålet. Alle tar visst skrivekurs, altså to kveldars kurs med ein forfattar som står og leksar opp for deg at du må "ta deg tid til å skrive", og "finne di litterære stemme". Å dra på slike kurs er slikt du gjer når du har tippa førti eller femti og innser at det er tid for å realisere deg sjølv, men det hadde ikkje eg skjønt. Eg gjekk rett i fella og deltok to kvelder i strekk, o ve. Du pakkar ut pc-en, finn deg eit par rolige timar og parkerer gubben medan du hamrer ut ein roman som nesten heilt sikkert blir refusert. Alt dette snakkar du om på skrivekurset, om dei femten ungane som spring rundt deg heile dagen, om gubben som smugrøyker medan du s...