Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra januar 28, 2013

Jublar for glasperler - ordførarane stasjar seg for MGP i Florø

I helga var det MGP delfinale i Florø. Såkalla folkefest. Finansiert, ikkje av berre NRK, men av Sogn og Fjordane fylkeskommune med 600 000 kroner, samt Flora med 400 000. Det er tredje år på rad at fylkeskommunen går inn med støtte til arrangering av lokal delfinale. Første året med 900 000 og andre året med 750 000. No i år altså 600 000. På same tid kuttar dei i kulturbudsjetta og har særs dårlege kulturtilbod til ungdom. Les også: min analyse av Sogn og Fjordanes marknadsføringstiltak Lat meg gjere eit par ting heilt klar: At private aktørar går inn og finansierier delfinalen, er derimot heilt topp. Eg har ingenting imot MGP, men eg har noko imot at fylkeskommunen bidreg med finansiering, samt begrunningane dei nyttar for å forsvare sitt økonomiske bidrag. Les også om korleis Sogn og Fjordane kan unngå taparstempelet, kronikk i Bergens Tidende, 2010. På første benk under delfinalen sat ei rekke ordførarar, deriblant fylkesordførar Åshild Kjelsnes, med ordførerkjeder og gl...