Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mai 21, 2012

Er vi klar over kva det er vi ber om når vi ber om billeg mat?

Aldri før har verda produsert mat på ein så gjennomindustriell, samlebandsaktig og etisk betenkeleg måte som det vi gjer idag. Vi har aldri hatt høgare kompetanse, men heller aldri lågare etikk i matproduksjon. Dette medfører ei rekke risker for konsument. Les mitt innlegg i dagens Dagbladet. Er forbrukarane klar over kva dei ber om når dei ber om billeg mat? Mennesket har ei nøkkelrolle i matproduksjonen. Det er menneske som står bak regelverk, etikk og produksjonsmåtar. Det er mennesket som er nøkkelaktøren for med sine verdiar kunne få til endring og legg premissa for korleis mat skal produserast. Når ein kjenner til kva som er i ferd med å skje, kan ein lure på kva slags etikk og verdigrunnlag som råder grunnen hos dei som legg føringar for korleis norsk mat blir produsert i dag. Ein kan også stille seg spørsmål ved om det er slik den norske forbrukaren ønsker at billeg mat skal produserast. Det skal gjerast billeg. Vi kjenner til at Nortura køyrer kyllingtransportar d...