Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra april 29, 2011

Eventyr eller bissniss? Nortura og Norad drog til Uganda for å starte kjøteksport til Europa. Eg drog etter. Les reportasjen i Nationen 30.april

Ein møter enorme utfordringar i Afrika. For det meste knytt til kvaliteteskrava Europa stiller til kjøt. Barrierane er store. Her: transport. Kyr på veg til slaktehuset i Kampala frå den lokale marknaden.  Telefonfarmer: bissniss i Kampala, bonde i helga.  Slaktebil på veg til Kampala. Fullasta av folk og kyr. Korrupsjon er vanleg. Munn og klauvsjuke endemisk. Veterinærane som snakkar om dyrevelferd vert jaga og politimelde. Er dette eit land som kan produsere mat for Europa i løpet av få år? Top Cuts slakteri i Kampala får hjelp i form av opplæring frå Nortura. Dei slaktar halal utan bedøving med manchete. Er dette mulig å endre? Det må endrast om kjøtet skal til Europa. Europa har verdas tøffaste krav til importert kjøt både når det kjem til slakterihygiene, helse i populasjonen og slaktemetode. Det er ein grunn til at MUL-land ikkje greier levere kvotene sine: dei kjem ikkje forbi kvalitetskrava.  Klauver er ei delikatesse. Kvar og ein eigar av ku følger dyret gjennom sla