Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mai, 2009

Shocked into abstraction - virkelighetsflukt med gaffatape

Shocked into abstraction av Matias Faldbakken på Nasjonalmuseet. Eg såg utstillinga idag. Der var gaffatape på veggen, og ulike andre typar tape på veggen, og var ganske kult i grunn sjølv om eg tenker at det er ganske lett å tape litt gaffa på veggen og kalle det kunst. Frekt, rett og slett. Og heilt greit. Så eg tok med meg ein Faldbakken-plakat heim og hengte den opp, oppned, og der heng den godt. Deretter drog eg for å kjike på India Highway på Astrup Fearnley. Anbefales. Sterke bilder og mange figurar, blant anna ein oppned hest med firkanta hjørner som var malt rød. Det var også ein sterk videoinnstallasjon om vold mot kvinner i India, samt ein oppned by bygd av små metallboksar som skulle forestille slum. Sjå bildeserie her. Eg er ingen kunstkjennar, men å vandre rundt og kjike på kunst, former og uttrykk, i store, stille lokaler gir mange abstraksjonar og inntrykk. Det er litt som å vere på ferie frå verda utanfor. Det gir mange inntrykk og assosiasjonar som ein ikkje klarer

Eg gliser fra øre til øre heile helga lang

sol og kontrakt og kva meir kunne eg egentlig ha ønska meg i dette nu. Sove halve dagen, stå opp og ja, no er det like før eg skal sette meg ned å skrive fiksjon på fulltid. Ikkje denne helga, tenkte eg, denne helga skal eg sove lenge og drikke vin, dra på eit par fester og ellers slappe av etter ei av tidenes hardaste hardkjør av ein jobbmaraton her i mai. Men ingenting kjem av seg sjølv, og no er vi igang. Det er berre å glede seg. Der er ingen forskjell på homser og dyr, sa faren min og henta balltre. I flokk og følge traska de mot sætra. Det var bratt. Det var varmt. Det var siste søndag i juli.

Kva slags menneske er det som sparker ein hund til døde?

Eg lurer på kva slags menneske det er som presterer å sparke ihjel ein hund på tur i parken . Eg har sett mangt og mykje av stygg behandling av dyr i mitt liv, men dette er jo beint fram hjerterått. Kva i alle dager er det som får ein person til å sparke ihjel ein hund? Kva i alle dagar er det som får eit menneske i det heile tatt til å sparke til ein hund. Menneske har ein tendens til å behandle dyr stygt. Folk slår kyr fordi kyr ikkje går like fort som folk vil at kyr skal gå, folk sparker ihjel hunder i parken osv. Det sjokkerer meg gong på gong korleis folk som påberopar seg å ha peiling og lang tids erfaring med husdyr, nyttar vold for å få kontroll over dyret, få dyret til å adlyde eller beint fram fordi dei sjølv blir irriterte. Eit dyr har sitt fulle hyre med å forstå kva i alle dagar det er som er forventa av dei, og kva som skjer, om dei ikkje i tillegg skal bli offer for tilfeldige luner og folk som har sove for lite eller som må rekke ein kamp på tv. Ta eit eksempel. Ein he

..og ut av puddersnøen stig det nye Norge

Datoen er 17. februar og klokka har nett passert seks. Staden er Fabrikkhallen, eit steinkast frå dei hippe retrosjappene på øvre Grünerløkka og Birkelunden i Oslo. Lokalet er fullt av unge lovande som strøymer frå stand til stand med velkomstdrinkar i hendene og spekekjøt mellom tennene. Fagre lovnader om kva fjordfylket kan tilby oss, svirrar mellom øyra. Vi er på næringslivsmessa til Sogn og Fjordane. «Framtidsfylket» har sendt rundt seksti representantar over fjellet for å overtale oss til å trekke i skibuksene, pakke snøbrettet og bli entreprenørar i fråflyttingsfylket nummer ein på Vestlandet. Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet. I introduksjonen til «Hvordan lykkes med omdømmebygging i norske kommuner?» av Børre Berglund, som kan lastast ned frå departementet si heimeside, står det at omdømearbeid er eit identitetsprosjekt der kommunane må finne seg sjølv.

At ei ku frå ein stad nær Nordpolen skal vere tilpassa eit liv i Afrika, ser eg ikkje heilt føre meg.

NordGens målsetning er å utvikle kunnskap om sunn forvaltning av genetisk breidde både når det kjem til bevaring av sjeldne lokale rasar, og reimplementeringa av bærekraftige avlstiltak, står det i forordet til boka Management and Exchange of Animal Genetic Resources – Nordic perspective. Bakgrunnen for boka er Interlaken-deklarasjonen som vart vedteken av FAO (Food and Agriculturale Organization) i 2007, og som omhandlar globalt ansvar for bevaring av dyrs genetiske ressursar, samt korleis ein skal forvalte dette i Norden. Dette handlar ikkje om bevaring av dyr fordi dyr er snille, men er meint å vere eit steg på vegen mot utrydding av global svolt. Å bevare lokalt tilpassa husdyrartar, eller plantesortar for den del, betyr at ein tek vare på lokalt tilpassa artar som kan sikre folk mat der produsert dei bur, sjølv i møte med klimaendringar. Det handlar om den lokale, eller nasjonale, mattryggleiken som blant anna Norge set svært høgt. Eksporterer utrydding Lat oss ta eit lite blikk

Eit svingslag mot anonyme suckers der ute i det offentlige rom.

Er Anne Viken ein god skribent, er tema som blir tatt opp (kun i ein setning, men likevel, eg tek tak i det og riv det ut av dimensjoner her på bloggen) under saken på NRK. Funny. Eg rister like masse på hovudet kvar gong folk, utan å ha lese det eg skriv, uttaler seg, i kommentarfeltet, om meg og ikkje om saka. Atter ein gong seier eg som eg sa til NRK: folk er kikkere. Dei er ofte meir interesserte i person enn i sak, og nett difor er personlige bloggar samla på ein bloggportal eit godt grep. Og nei, det har aldri blitt gjort før på vegne av Sogn og Fjordane. Ei retting til saken på NRK er at eg har fleire treff på min blogg på ei veke , enn Framtidsfylket har besøkande på sine messer på eit år. Har sagt frå til NRK så eg håper dei fikser det. Men vidare til den lusne kommentarfeltdebatten, (generelt - no snakkar eg ikkje om felta under NRK-saken som faktisk ikkje var det verste, sjølv om det var intetsigande) der alle som ikkje kan å skrive, eller kjem til orde, deltek. Det er ei k

Les Klassekampen 20.mai,

Mange hovud tenker bra ilag om Sogn og Fjordanes image

No har eg vore på NRK og debattert med Arvid Andenæs. Det var konstruktivt, synest eg. No sit det sikkert mange der ute i det ganske land og tenker sitt om debatten, som alltid. (Eit essay i Syn og Segn, sjå lenger nede i bloggen). Det som er litt interessant i denne samanheng, er at dette essayet er eit prosjekt eg har fått svært mange innspel til undervegs. Blant anna frå lokale bloggarar i og utanfor (men med tilknytning til) Sogn og Fjordane, samt lokalpolitikarar og forskarar i fjordfylket. Dei har alle lese essayet før det gjekk i trykken og har kome med innspel og tilrop, og det vi alle konkluderte med før det vart sendt til trykkeriet var dette: vi var enige om at dette var konstruktive tankar. Og slik er det ofte når eg jobbar med tekstar: eg ber om innspel, ris og ros. For berre då kan eit produkt bli bra. Difor meiner vi at dette innspelet, i form av essayet i Syn og Segn, som de vil kunne lese ein kortversjon av imorgondagens Bergens Tidende og Klassekampen, er eit innspel

"Framtidsfylket"

From Anne Viken Media From sogn og fjordane Trur ein virkelig på det ein sjølv seier når ein omtalar Sogn og Fjordane som "Framtidsfylket"? From sogn og fjordane Les siste utgave av Syn og Segn , samt Klassekampen og Bergens Tidende onsdag. Hør også på NRK Sogn og Fjordane tirsag 19.mai klokka 08.45.

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb

Fredagsfilosofering frå stresslessen på løkka

"The scientific evidence is quite clear about the environmental dangers of continuing to focus on the values and goals so prominent in today’s hyperkinetic, consumeristic, profit-driven culture. A growing body of research shows that the more people value money, image, status, and personal achievement, the less they care about other living species and the less likely they are to recycle, to turn off lights in unused rooms, and to walk or bicycle to work." Sitatet er henta frå World Watch Institute-artikkelen Shifting Values in Response to Climate Change . Påstanden er at jo mindre folk jobbar, jo lykkeligare og meir fornøgde er dei, og jo mindre konsumerer dei. Jo mindre opptatt dei er av penger, jo meir opptatt av egenutvikling er dei og jo mindre konsumerar dei. Og jo færre timar jobbar dei per veke. Dette høyrest egentlig ganske fint ut. Eg for min del føler eg lever eit heseblesande fryktelig travelt liv der ein springer frå møte til debatt til jobb til praksis til epost t

Lettvint omgang med kilder/ Vestlig ovenfra og ned retorikk for biodrivstoff

ZERO svarer i dag på mitt leserbrev i Klassekampen , og sidan avisa har satt ein strek for debatten i denne runde, tar eg eit motsvar her på nett. Media har kjørte kampanjejournalistikk mot biodrivstoff som klimaløsning, skriv Einar Håndlykken, daglig leder i ZERO i sitt svar til meg. Dette er ein veldig billig påstand frå Håndlykkens side. Om han hadde fulgt litt med i timen, og ikkje berre hengt seg på teknooptimismens radige biobølge, hadde han visst at det er ei rekke grasrotorganisasjonar og NGOs lokalt over heile kloden som jobbar MOT biodrivstoffproduksjon. Men Zero er helter. "ZERO har valgt å stå ved sitt standpunkt," skriv Håndlykken, og det seier vel sitt. "Ingen energiproduksjon er uten konsekvenser, heller ikke den fornybare. Det er inngripen i naturen å legge fosser i rør, å bygge vindmøller i verdsatt kystnatur og å øke uttaket av biomasse fra skogen," skriv Håndlykken, og viser her til inngrep som påvirker naturen. Eg på mi side snakka om inngrep

Our Western moment of feminist leadership is over now – for good reasons.

We know by now what our problems are as women in the West, and we know the blueprint for solving them. What we lack now is not analysis, but the organizational and political will to do so. So the leadership role is shifting to women in the developing world. Their agenda is more pressing, and their problems, frankly, far more serious than ours, which makes it much more urgent for them to develop theories appropriate to the challenges they face. Les resten av Naomi Wolf sitt innlegg. Dette er interessant. Kven skal vere premissleverandørar for feminisme i framtida?

Hvordan journalisters manglende kunnskaper om naturvitenskap, truer demokratiet

Hvordan mediene ikke er i stand til å sette en kompetansebasert dagsorden innenfor naturvitenskap. Klima og naturvitenskaplige problemstillinger er populære i mediene, men journalister mangler kompetanse på dette feltet. Kommentarjournalistikk og nyhetsjournalistikk bærer sterkt preg av manglende kunnskaper, og avslører til dels stor kunnskapsmangel på feltet naturvitenskap og matproduksjon. Fagfolk sukker mens journalistene skriver. Vi sukket veldig høyt her om dagen over en kommentar i VG om den nye e.coli-skandalen. SUKK! Journalistene har ikke troverdighet innenfor naturvitenskap. Hvorfor er dette et problem?? Kllimaproblematikk er på dagsorden og vil være en viktig sak i flere år fremover.- Matproduksjon er et stadig viktigere, stadig mer globalt og omstridt tema. Når mediene bygger sine artikler på svakt kompetansegrunnlag, ødelegges mulighetene for kunnskapsbasert debatt, noe som igjen ødelegger for mulighetene for en demokratisk utvikling av politikk rundt mat. Dette gjelder og

Den korrekte debatteliten og den ukorrekte monster-Monsen

Fritt ord har jo lyktes i å skape debatt med si tildeling av prisen til Monsen, sjølv om Monsen er splitter pine og uttaler seg ganske hårreisende til tider (eg siterer). Men jo meir ein disser dama, jo meir sympati får ho vel i sine miljøer, og jo sterkare står ho (og dei) på sitt. Svertekampanjer virker jo ofte mot sin hensikt, dessverre/ heldigvis alt ettersom korleis ein ser det. Og det er vel ingen hemmelighet at ho nok har ein god del støtte ute i det ganske land, sjølv om debatteliten (som er hellig enige om mangt og mykje og jaffal i stor grad om Monsen) meiner ho er eit lite unikum som kjem med nye synspunkter. Men at bygdedyret / Monsen kjem til på offentlig debattarena, er ikjke nødvendigvis ein god grunn til å gi ho ein pris. PÅ den andre sida er det jo litt dumt, men slik er det vel, at kun ein liten krets deltek i dette ordskiftet og at store mengder mennesker (som dei som meiner som Monsen) ikkje deltek men driv på med sitt andre stader. Kvifor? Er dei ikkje intellektue

Misdanna kosedyr

På dyreklinikken er det eks antall små mopsehunder som kjem inn. Ein mops er ein slik hund som du kan høyre på lang avstand fordi den lager sånne rare snorkepustelyder. Det første ein får vite er at ein ikkje må ta dei for hardt i nakken. Då sprett nemlig auga ut, om ein er uheldig. Eg veit jo at slike rasar er misdanna på grunn av avlen, men det er noko anna å sjå det live. Når ein kvar dag ser den eine hunden etter den andre med for små augelok, innrulla augelok (slik at håra irriterer auget og gir betennelse), og store pigmentstriper tvers over auget på grunn av at hunden søv med opne auge (augeloka er for små), og eigaren faktisk ikkje vil få operert hundens auge (sy litt medialt og lateralt slik at augeloket blir betre tilpassa), så er det ganske tja, ja, spesielt. Det som skjer om ein ikkje syr inn auget litt, er at hunden utviklar betennelse i auget, tvers over, som ei horisontal stripe der augeloket ikkje dekker auget. Her blir det pigmentering, noko som i sin tur fører til at