Gå til hovedinnhold

Kva slags menneske er det som sparker ein hund til døde?

Eg lurer på kva slags menneske det er som presterer å sparke ihjel ein hund på tur i parken. Eg har sett mangt og mykje av stygg behandling av dyr i mitt liv, men dette er jo beint fram hjerterått. Kva i alle dager er det som får ein person til å sparke ihjel ein hund? Kva i alle dagar er det som får eit menneske i det heile tatt til å sparke til ein hund.

Menneske har ein tendens til å behandle dyr stygt. Folk slår kyr fordi kyr ikkje går like fort som folk vil at kyr skal gå, folk sparker ihjel hunder i parken osv. Det sjokkerer meg gong på gong korleis folk som påberopar seg å ha peiling og lang tids erfaring med husdyr, nyttar vold for å få kontroll over dyret, få dyret til å adlyde eller beint fram fordi dei sjølv blir irriterte. Eit dyr har sitt fulle hyre med å forstå kva i alle dagar det er som er forventa av dei, og kva som skjer, om dei ikkje i tillegg skal bli offer for tilfeldige luner og folk som har sove for lite eller som må rekke ein kamp på tv. Ta eit eksempel. Ein hest som skal få tennene sin raspa aner jo ikkje kvifor vi skal stikke den raspa inn i kjeften på den. Det hjelper ikkje å slå den når den hiver opp hovudet. Det gjer jo vondt verre. Vi hadde vel alle prøvd å stikke av om ein framand person stakk eit langt jern inn i gapet vårt utan at vi skjønte kvifor. Slike ting må dyr forhalde seg til heile tida.

Eg blir forbanna når eg ser folk slå. Greit nok, om du blir angripen må du forsvare deg, men ein kjem lengst med belønning heller enn straff. Likevel ser ein på gata i Oslo ofte dårlige hundeeigarar som rykker og drar og ikkje har kontroll på bikkjene sine. Stakkars dyr, tenker eg da, som har fått utdelt slike ubrukelige eigarar. Og dei er over alt, dei ubrukelige eigarane. Eg fatter egentlig ikkje at dyr i det heile tatt tørr å bli født.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...