Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra april 24, 2012

Tips til andre nybegynnarar som ønsker å skrive skjønnlitterært

Da har eg omsider skrive ei bok. Det var ein interessant prosess og om eg skal gi eit par råd til andre som skal skrive ei bok, vil eg, som nybegynnar i faget, gi desse: - Ha planen for plottet og historia nokolunde klart før du startar. Altså ei prosjektskisse. Dette hadde ikkje eg heilt på plass, berre delvis, og det førte til at eg måtte rekke opp igjen historia, klippe og lime. Det tok ekstra tid og for min del var det dette som tok tid. Skrivinga gjekk kjapt. Plottfiksinga tok tid. Så bruk god tid på å lage eit plott, ei story, eventuelt ei kapitteloversikt eller noko slikt. No snakkar eg om roman. - Du kan teikne historia på eit ark. Eksempelvis lag eit kart og teikn inn kvar handlinga foregår. Dermed kan du visualisere for deg sjølv. Skriv for eksempel inn på kartet kvar ulike episodar foregår, kvar karakterane held til og korleis handlinga forflyttar seg i terrenget reint geografisk. Dette kan også hjelpe deg med å sjå nye muligheter i handlinga eller terrenget. - Ha kar

Norsk kylling - søppel i alle ledd.

Godt norsk. Det er godt, det er norsk. Punktum. Men er det eigentleg det? Høyr på Her og Nå på NRK P1 idag ca halv seks. Tema: kylling med saltvatn i. Underteikna deltar. Lat oss kikke på norsk søppelmat nummer ein, kylling. Kylling er dyr som vert behandla dårleg i  alle ledd, frå dei er klekt til dei hamnar på ditt fat. Kylling er det nærmaste vi kjem levande søppel. Produsenten av kyllingar og avlsdyr som skal bli kyllingar produserer dyr som lir av kronisk svolt, veks frå organa sine og ikkje tåler eit liv i det fri. Dei er, kan vi enkelt sei, ødelagt av avl. Svoltkjensla er forstyrra. Bonden produserer levande søppel med låg dyrevelferd. Dårleg beinkvalitet, brannskader på kroppen grunna dårleg strø, bukhinnebetennelse som gjer at betennelsesvæska sprutar deg i ansiktet når du opner buken på den. Norske kyllingar er også avhengige av å få antibiotika i foret fram til eit par dagar før slakting. Dette kan skape resistens som i sin tur vert overført til den som et kj