Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra august 14, 2013

Opera som motmakt: Vestlandets rolle aktualisert

To hundre år etter Guiseppe Verdis død, vert LaTraviata nytolka innanfor rammene av norske motkulturelle rørsler.  Sjå innslag om operaen på Dagsrevyen 20.august. Fotosession med Hulda som Violetta, iført bunaden til Anne Viken Opera er ein av dei minst sette og mest elitistiske kunstformene i verda, og muligens også den dyraste. Dette sa programleiar Sarah Montague i samtale med operasongar Thomas Hampson i BBC hardtalk 30.juli i år. Eg skulle ha likt å sett Montague på besøk på Åmot Operagard i Bygstad der operaoppsettinga i slutten av august problematiserer dei historisk distriktsbaserte motrørslenes kamp mot klassesamfunn, liberale og urbane verdiar. På denne måten kan opera ta del i samtidsdebatten.     Sunnfjordbunader akkompagnert av fôrhøstarar frå Taarup med beitande islandshestar bak gjerdet. På låven brakar indremisjonspredikantar saman med lokal bondekultur og overklasseluksus i årets nytolking av La Traviata av Guiseppe Verd...