Fordommar mot ”sentrale strok” og ei for trong norm ødelegg for nynorsken. Eg for min del vil gjerne ha både bokmål og engelsk på menyen, takk. Anne Viken (Debattinnlegg i Firda, 15.juni 2007) Det er flott at Edvin Helgheim og Rolf Losnegård vel å skrive om nynorskdebatten i Firda. Det er derimot synd at Helgheim ikkje klarer å late vere å diskutere person når han skriv at ein kan mistenke meg for å vere ein provokatør som er ute etter å få i gang dei gode debattane, eller at ein kan mistenke meg for å posisjonere meg i sentrale strok. Og for å ta det med den berømte teskeia: Eg meiner det eg skriv. Debatten er viktig. Håper det var klart nok. Men uansett. Her er det relevant for saka å ta opp personfokuset som debattanter alla Helgheim representerer. Nynorsk vert nemlig i altfor stor grad knytta opp mot identitet. Det er ein definitiv hemsko for språket. Punkt 1 Av mine redaktørar får eg lov til å skrive det målføre eg måtte ønske meg. Min redaktør er ute etter min ko...