Gå til hovedinnhold

Nynorsk i ei global verd

Fordommar mot ”sentrale strok” og ei for trong norm ødelegg for nynorsken. Eg for min del vil gjerne ha både bokmål og engelsk på menyen, takk.

Anne Viken (Debattinnlegg i Firda, 15.juni 2007)

Det er flott at Edvin Helgheim og Rolf Losnegård vel å skrive om nynorskdebatten i Firda. Det er derimot synd at Helgheim ikkje klarer å late vere å diskutere person når han skriv at ein kan mistenke meg for å vere ein provokatør som er ute etter å få i gang dei gode debattane, eller at ein kan mistenke meg for å posisjonere meg i sentrale strok. Og for å ta det med den berømte teskeia: Eg meiner det eg skriv. Debatten er viktig. Håper det var klart nok.

Men uansett. Her er det relevant for saka å ta opp personfokuset som debattanter alla Helgheim representerer. Nynorsk vert nemlig i altfor stor grad knytta opp mot identitet. Det er ein definitiv hemsko for språket.

Punkt 1

Av mine redaktørar får eg lov til å skrive det målføre eg måtte ønske meg. Min redaktør er ute etter min kompetanse. Språket vel eg sjølv der eg skriv. Det media vil ha, er dyktige folk. Nynorsk eller bokmål.

Men i tidlegare tider kunne det nok vere kjipt å vere bonde i byen. Til og med Jakob Sande fekk merke det, men tidene forandrar seg, og det er interessant å sjå korleis trua på at det å fornekte sin bakgrunn, her nynorsk, enno vert trudd å vere noko som gir innpass i sentrale strok, som Helgheim kallar det. Eg fornektar ikkje, men eg godtek heller ikkje alle premissa i nynorsk. Og eg stiller spørsmålsteikn ved den ekstreme avstanden mange ser ut til å meine at eksisterer mellom by og land.

Punkt 2

Når vi no skal ta ein kort språkpolitisk analyse bygd rundt svara som har stått på trykk i Firda etter min kronikk i Bergens Tidende, er det fordi eg som før sagt, trur nynorsk i alt for stor grad vert knytt opp mot identitet. Ein identitet bygd rundt ein politisk retorikk som ikkje lenger er reell, men som i følge politiske analytikarar gjekk ut på dato alt før 1960.

Landsmålet var sjølve symbolet på bygdene sin identitet i kampen mot utanlandsk styre via byen, her Oslo. Målrørsla var den rørsla som i størst grad, skal vi tru guruen professor Stein Rokkan, skapte splid mellom bygd og by. I dag er målrørsla av langt mindre betydning, men den tillegg språket ei sterk kulturell oppakning som mange ikkje identifiserar seg med. Eg trur det skader språket, og dette handler ikkje om at det er negativt at nynorsk vert knytt til flotte bygder, men om at nynorsken vert knytt til fordommar mot sentrale strok.

Punkt 3

Losnegard skriv blant anna at det er enklare å velge å bu i Oslo enn å velge å bu i Sogn og Fjordane. Ein kan jo lure på kva det er som gjer det så mykje tøffare ved å bu i Sunnfjord enn i Oslo. Og er det liksom kulturelt motstrøms å bu på bygda? Det er det nemlig ikkje sjøv om mange likar å smykke seg med det.

Einaste denne dialogen minner oss om, er den historiske by-bygd retorikken mange ikkje vil forlate. Her kjem ein inn på at fordommar mot byen presentert av folk på bygda vert knytt opp mot det nynorsk skriftspråket.Det har faktisk trendy i mange kretsar å forlate byen, og bra er det for bygda.

Men eg lurer litt på kva skal ein legge vekt på dersom ein skal definere kvar det er enklast å bu. Antal snøras og nynorsk? Nei, og eg trur heller ikkje det er det Losnegård tenker på. Eg er ikkje heilt sikker på kva han meiner, men det har noko med kva kultur ein vel, og kva samfunn ein vel å leve i, men eg er ueinig med han i at det er enklast å velge byen. By og bygd hand i hand, er det noko som heiter. Det er ein fin erstatning til å terpe på historiske by-land motsetningar.

Punkt 4

Det vi kan gjere noko med, er å slutte å knyte det historiske ”frykta for byen”, opp mot språkdebatten. Denne konfliktlinja er ikkje lenger like reell. Unge menneske frå bygda har ikkje i dag same skepsis til byen og det urbane som det ein hadde for hundre år sidan då Venstre fronta Landsmålet i kampen mot dansk og svensk innflytelse. Vi er ein sjølvstendig nasjon i ei global verd.

Når nynorsk her vert knytt opp mot by land retorikk, og identitetsfornektelse, vert språket i same augneblink knytt opp mot fordommar mot byen, dermed blir det nynorske språket tillagt kulturelle skillelinjer som ikkje lenger er aktuelle i same grad. Fordommar mange ikkje har, og som byfolk ikkje trivast med å bli møtt med.

Punkt 5

I år 2007 shoppar folk identitet i langt større grad enn nokon gong før, og ord og uttrykk og språk er noko ein shoppar. Den dagen det ikkje funker, finnast det tusen andre språk å byte til. Eg har shoppa masse framandord. Eg vil bruke dei. Eg har shoppa bokmålsord, og eg vil bruke dei.

Så sånn reint praktisk. Eg liker ikkje språknorma, den må bli vidare. Eg vil ha inn fleire bokmålsord, gjerne også fleire engelske ord, samt at eg vil at språket skal marknadsførast som liberalt og praktisk, ikkje arkaisk, eller negativt politisk og kulturelt belasta med utdatert politisk retorikk om by-land og kampen for tilværelsen ute på bygda. Det ødelegg for språket. Men, og her er eit viktig men, dette betyr ikkje at eg fornektar min identitet, og det er viktig å sjå at det ikkje er identitet som gjer at folk begynner å skrive bokmål. Det er i stor grad praktiske årsaker.

Eg gir her nokre få døme på kva eg meiner med at nynorsk ikkje er heilt anvendeleg på jobb, samt at det er vanskelig å vite kva som er god rettskriving. På nynorsk heiter det ifølge Nynorskordboka kjelde. Eg vil skrive kilde, men kilde er ikkje lov på nynorsk. Ifølge denne er det ikkje lov å skrive det for meg naturlige ordet begynnelse. Eg kan derimot skrive begynning, eit ord som ikkje ein gong finnast i mitt vokabular.

Vidare kan eg skrive beskyttelse og bevegelse men ikkje begravelse. Kvifor kan eg ikkje skrive alle –else-orda? Eg vil gjerne skrive begravelse, men det er ikkje lov, og kva er synonymet til dette ordet på nynorsk? Jau det er gravferd. Det er for meg unaturlig å sei gravferd, og å skrive gravferd. Eg kan heller ikkje skrive anstrengelse, men eg kan skrive anstrenge. Eg er klar over at normeringsdebatten er lang og komplisert, men kor fjernt frå naturleg talemål er det hensiktsmessig at nynorsk ligg?

Punkt 6

Det er dumt at nynorsk er konservert i ei norm som ikkje er vid nok, men som gjer at ein av fem elevar i vidaregåande skular i Sogn og Fjordane vel å forlate språket. Og ikkje kom her med det utbrukte argumentet om ”at det er fordi vi er påverka av bokmål”. Det blir for enkelt. Sjølvsagt er vi påverka av bokmål. Det ein må finne ut, er korleis språket kan overleve sjølv under påverknad av bokmål. Bokmålet får vi ikkje gjort noko med.

På leiarplass i siste utgave av tidsskriftet Syn og Segn, skriv redaktør Bente Riise at ho meiner vi treng ein langsiktig strategi for nynorsk. Eg trur Riise her har eit svært godt poeng.

Eg ønsker å ta samtida innover meg. Eg kombinerere det, som alle, med min bakgrunn. Ødelagt postmodernist? Tja. Men noko anna er faktisk umogeleg. Difor er det kunnskapslaust og konservativ når Magni Øvrebotten hevdar dette handlar om skam. Eg skammar meg meir over at Nynorsk Mediesenter har ein leiar som vel å framstå som fordomsfull og bakstreversk i Vestlandets største avis. Det gir negative vibber rundt språket ho frontar.

Til slutt

Kanskje fordi ein del målfolk, her Øvrebotten, enno argumenterar slik ein gjorde i gamledagar då mellom anna Venstre argumenterte i kampen for sjølvstendigheit frå Sverige seint på 1800-talet. Eg trur det ligg noko her. Og som Losnegård så fint skriv, ein kastar ikkje stein på folk. Flott poeng.

Det er mulig å ville revitalisere eit image, og eit språk, utan å fornekte det. Nynorsk bør ein behalde som skriftspråk, men ein kan ikkje forvente at unge automatisk godtek ei norm og ein retorikk som synest fjern og uanvendelig. Det er trass alt dei som skal bringe språket vidare.

… og så prolog

Eg nikka når folk spør om det er vann eg meiner når eg spør om vatn. Eg gjentek ikkje vatn ein gong til, for kvifor skal eg?

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Tamme elgar som produserer ELGpapir, ELGolje og ELGmelk

I Jämtland lagar Sune Häggmark papir frå elgmøkk, ost frå elgmelk og lanolin frå elgpels. ­ Verdas dyraste ost! roper Sune Häggmark på svensk, stotrande engelsk og improvisert fransk. ­ Shit is money! Money, money, money! Jag älskar moose!   Fleire titals turistar, deriblant mange nordmenn, står tett i tett på tunet i Orrviken, ein kjapp køyretur sør for Østersund i svenske Jämtland. Her har Häggmark realisert sitt eige elgparadis med produksjon av papir frå elgmøkk, ost frå elgmjølk og lanolin av feittet i elgpelsen. Han er den entusiastiske gründeren bak turistverksemda Moosegarden, eller "elghagen" på norsk. Häggmark lever godt, svært godt etter at Moosegarden vart starta i 1997 som ein følge av to morlause kalvar som trong ein heim. Han gjer det klinkande klart for dei store flokken turistar at det er ei mengde pengar i elg. Moosegarden eksporterer elg til Polen, Tyskland og England. Inspirasjonen hentar han frå Russland. Ein tam elg kostar 35 0...