Gå til hovedinnhold

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske. 

Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet.

Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL!

Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner.

Arvar gard

Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og sosialt liv. Det er ikkje kompatibelt med det norske samfunn anno 2011. Folk vil ha eit normalt sosialt liv og normale muligheter til å ha ein familie. Er dette for mykje å be om?

Elendige arbeidsforhold, nei takk.

Ein skal ikkje akseptere å arbeide ei heil karriere, tjene luselønn, bli utsliten, bli minstepensjonist. Dette er ikkje eit verdig liv. Det er ikkje slik vår mat skal bli produsert i verdas rikaste land. Men slik er det idag.

Legg det ned

Så legg det heller ned.
Vi må snart også begynne å snakke om menneskeverd for matprodusentar. Det er på tide å avskaffe underbetaling som arbeidsform i norsk matproduksjon. Det harmonerer dårleg med Norge som merkevare. Organisert sosial dumping kan vi ikkje vere oss bekjent av.

Ein snakkar om kulturlandskap.

Dette ønsker ein å behalde. Ein seier ingenting om luselønna som blir utbetalt for den jobben det er å rydde dette kulturlandskapet. Underbetaling avslørt i andre bransjar bleiknar i forhold til dei statlege kronene ein får utbetalt for å halde Norge vakkert.

Og kva skal vi vel med kulturlandskap etter når ein ikkje er villige til å betale for det?

Gro att

Så lat det gro att.

Prisen ein er villege til å betale for å få arbeidet utført, er ikkje kompatibelt med Vestens menneskesyn.
Vi må rett og slett stille oss dette spørsmålet: Har staten Norge ingen sjølvrespekt?

Internasjonal industri

Internasjonalt er landbruksutviklinga eit race mot større, raskere, billigere. Industrilandbruket mange fryktar, er resultatet av denne typen utvikling: Bøndene som blir pressa ned i inntektsspiralen. Ein må produsere stadig meir for å tjene pengar. Norge ligg tjue, tretti år bak denne utviklinga om vi samanliknar oss internasjonalt, men vi følger på.

Og medan folk i Norge oppgir at dei blir stadig meir opptekne av kortreist, etisk og økologisk mat, er det det motsette som er, og vil bli, konsekvensane av dagens utvikling. Inntektsutviklinga, verken i Norge eller internasjonalt, er kompatibel med denne typen kvalitetsmat. Derimot heiar den fram eit stadig meir storskala industrilandbruk. Den som vil ha nisje, må betale, lik det eller ei.

Skivebom

I Norge har vi kanskje lite utvalg, men høg kvalitet i produksjon. Å tru at stort utvalg betyr kvalitet i produksjon, er skivebom. Det betyr stor tilgang på billege råvarer. Billeg mat er blant anna eit resultat av sosial dumping, billeg kraftfôr og eit ras mot botnen når det gjeld dyrehelse.


Vi må snakke om produksjonsmåtar, ikkje berre om sluttpris. Vi må begynne å snakke om menneskesyn i matproduksjonen. Respekt for deg som konsument, for produsenten som menneske og for matproduserande dyr som levande vesen.

Utviklinga internasjonalt går mot ein stadig tøffare industri sjølv om det er historiene om nisjematen og ekslusiv vin media serverer oss. Men dette er ikkje røynda. Det speglar små bitar av virkeligheten, og den historia vi skulle ønske var sann.

Grensa

Kvar går grensa for kva arbeidsforhold ein ønsker å støtte opp under i sitt krav om stadig billegare mat, og kvar går grensa for kva du er villeg til å ete? Ville du ha servert ditt barn melk frå ei stokk halt ku med tuberkolose som lever heile livet på glatt betong, som har store vanskar med og gå, og som får hormon innsprøyta med jevne mellomrom, og endar livet ved å sjølvdaude fordi ingen vil bruke pengar på å behandle den? Beskrivinga her er ei enkel konstatering av forholda i ei rekke større, farmar i EU, mars 2011 (eg snakkar ikkje om Norden).

Tuberkolose er ingen sjukdom vi får i Afrika, den er heilt vanleg i ei rekke andre europeiske land. Og desse kyrne blir ikkje slakta eller behandla. Dei levere melk til deg, som konsument. Det blir eit race mot botn der den som greier produsere billegast, er den som overlever og er konkurransedyktig. Og då vel ein å halde sjuke dyr i live fordi dei kan trass alt produsere melk. Å slakte dei er nemleg reint tap. Du får ikkje betalt, kua er full av tuberkler og drit, men desse kyrne greier fint å produsere melk til deg. Føles det greit? Da bør du rope høgare om billeg mat.

For slik får du billeg mat. Frå sjuke dyr, fallande etikk, industri og dumping. Og kjeft ikkje på bonden. Han skal ha inntekter han og. Litt realitetsorientering må vi ha med oss.

Respekt og etikk

Vi må ta inn nye begrep i debatten om norsk matproduksjon: Respekt for deg som forbrukar, respekt for bonden og etikk. Det er til sjuande og sist forbrukar som blir ramma. Den forbrukaren som ikkje har økonomi til å velge nisje og høgkvalitetsmat. Og eg maler ikkje fanden på veggen. Det er berre ingen som ønsker å sjå han.

Kompetanseløysa i debatten om norsk landbruksproduksjon er omfattande, politikken har feila og finansieringsordningane fungerer ikkje. Men dette er i grunnen ikkje mitt problem. Eg kan lage min eigen mat på hobbybasis. For meg sjølv og for dei som har råd til å betale fett for kvalitet.

Taparen er du som forbrukar som må ete søppelmat frå industrien. Men billeg blir det, og utvalget stort. Framtidas matmarked vil bli klassedelt. Gourmet til eliten, søppel til folket. Men kvifor ikkje? Det er jo det folk vil ha.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb