Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra november 9, 2012

Dyrelegepraksis for skuleelevar!

I forbindelse med skulebesøk med barneboka mi, Elise og mysteriet med dei døde hestane, som passar for aldersgruppa 10-100 år, har eg laga eit skuleprogram om dyrlegepraksis. Eg viser foto av dyr og foto frå praksis, og her ser du ein liten smakebit frå programmet. Elise og mysteriet med dei døde hestane er ei spenningsbok for barn og ungdom, utgitt på Samlaget i august. Boka er den første i ein serie spenningsbøker om hest, dyrlegar og livet på bygda. Les omtalen hos NRK. Ein dag var eg på Flatene skule i Førde og snakka for 1.-4.klasse i to puljar på a hundre elevar i 45 minutt per pulje. Det var veldig gøy. Ungane var veldig engasjerte. Først fortalde eg om å vere dyrlege, så las eg passande passasjar frå boka og så viste eg mange bilete. Når eg viser bilete, spør eg ungane kva dei trur dei ser, eller andre spørsmål relaterte til bileta, og det var ein utruleg respons. Dei var altså heilt med. Eg prøver trekke dei med så dei er delaktige heile vegen, og wow, for eit engasj