Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra august 20, 2011

Bönder som vel fjörfe som inntekstkilde må stillast til ansvar for sitt valg

Kvifor önsker ein bonde å drive med fjörfe? Det er i dagens samfunn ikkje slik at ein er tvungen til å drive med fjörfehald for å overleve. Det er eit aktivt valg ein kvar kan ta. Ein kvar bonde kan ta eit aktivt valg med tanke på etikk i eigen produksjon. Ein fjörfebonde er ein bonde som har teke eit aktivt valg om hald av dyr som har elendige liv. Han har teke eit aktivt valg om å mishalde tusenvis av dyr. Det er ingen som har påtvunge han dette. Han har valgt det sjölv. Ein kan ikkje skulde dette på forbrukarar eller på myndigheter som tillet produksjonen. Det er for lettvint. Ein må også spörre seg om enkeltmenneskets etikk i dyrehald. Vi veterinärstudentar reagerte med avsky når vi besökte kalkunoppdrett. Skabbete fjörlause dyr i hallar der ein knapt får puste. Stöv. Luft som står stille. Kvelande varme. Hög varme gjer at dyra brukar mindre energi på å halde kroppstemperaturen oppe. Ergo bruker dei meir energi på å vekse og bli feite. Ergo bruker bonden mindre pengar på fôr, o