Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mai 22, 2009

At ei ku frå ein stad nær Nordpolen skal vere tilpassa eit liv i Afrika, ser eg ikkje heilt føre meg.

NordGens målsetning er å utvikle kunnskap om sunn forvaltning av genetisk breidde både når det kjem til bevaring av sjeldne lokale rasar, og reimplementeringa av bærekraftige avlstiltak, står det i forordet til boka Management and Exchange of Animal Genetic Resources – Nordic perspective. Bakgrunnen for boka er Interlaken-deklarasjonen som vart vedteken av FAO (Food and Agriculturale Organization) i 2007, og som omhandlar globalt ansvar for bevaring av dyrs genetiske ressursar, samt korleis ein skal forvalte dette i Norden. Dette handlar ikkje om bevaring av dyr fordi dyr er snille, men er meint å vere eit steg på vegen mot utrydding av global svolt. Å bevare lokalt tilpassa husdyrartar, eller plantesortar for den del, betyr at ein tek vare på lokalt tilpassa artar som kan sikre folk mat der produsert dei bur, sjølv i møte med klimaendringar. Det handlar om den lokale, eller nasjonale, mattryggleiken som blant anna Norge set svært høgt. Eksporterer utrydding Lat oss ta eit lite blikk