Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mai 31, 2008

Makteslaus anonym debatt

Eg lurer på kven dei anonyme, som skriver anonymt på nettet, er. Lite gjennomtenkte argumentasjonsrekker som kven som helst kan spa opp med armen i fatle og bind for augene. Er det dei dummaste av dei dumme som skriv anonymt, eller dei feigaste av dei feige? Eller kven er dei anonyme skribentane? Eg veit at mange anonymt driv å meiner ting om ting som eg har skrive, men eg anar ikkje kva dei meiner kort sagt fordi ein gidd ikkje lese anonymt preik. Ein gong posta eg ein kommentar på ei NRK-sak om nynorsksaken til meg og Jung Tjønn, der det var ca 30 kommentarar frå før, dei fleste anonyme, men eg las ingen av kommentarane. Eg berre la inn ein link der til denne bloggen, så kan dei anonyme kranglefantane krangle vidare med seg sjølv. Tipper mange av dei sit og tenker ting som "Hehe, der fekk eg no sagt ho eit sanningas ord", men sanninga er at eg les ikkje ein pøkk av det anonyme fjaset. Vil ein opp og fram i verda, må ein velge kven ein vil lytte til, og eg lyttar ikkje til r