Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra oktober 9, 2007

Og ut av gasståka kom børsen

(Trykt i Firda 9.oktober 2007) I mai small det i Gulen. Sogn og Fjordane må begynner å sette dagsorden sjølv, kaste defensive tiltak på bålet og markedsføre seg med sol, vind og global industri. Anne Viken Foto: Marit Hommedal / SCANPIX Historia om omdømet til Sogn og Fjordane fortset. Det smalt i Gulen, det var lokalvalg med alskens påfunn og no kasta filmskapar Randi Førsund blikket nordover og ville ha Finnmarks omdømesjef til fjordfylket. Nokre dagar før skreiv Marit Eide Utheim på debattplass i Firda; ”Kanskje er det nå på tide å lytte til hva unge mennesker mener om dette temaet, og invitere til en skikkelig idédugnad”. Stein-Arne Ottesen i Lutelandet utvikling skriv i Firda at han vil satse på vind. Tendensane er positive. Det kan sjå ut til at andre enn bunadseliten og hersketeknikkfolket er i ferd med å innta debattarenaen med innovative forslag. Det er bra. Gloheite kuler på børs Norge er eit av dei områda i verda forskarane anslår vil klare seg best i møte med klim...