Gå til hovedinnhold

Og ut av gasståka kom børsen

(Trykt i Firda 9.oktober 2007)

I mai small det i Gulen. Sogn og Fjordane må begynner å sette dagsorden sjølv, kaste defensive tiltak på bålet og markedsføre seg med sol, vind og global industri.

Anne Viken

BRANN I OLJELAGER Foto: Marit Hommedal / SCANPIX

Historia om omdømet til Sogn og Fjordane fortset. Det smalt i Gulen, det var lokalvalg med alskens påfunn og no kasta filmskapar Randi Førsund blikket nordover og ville ha Finnmarks omdømesjef til fjordfylket. Nokre dagar før skreiv Marit Eide Utheim på debattplass i Firda; ”Kanskje er det nå på tide å lytte til hva unge mennesker mener om dette temaet, og invitere til en skikkelig idédugnad”. Stein-Arne Ottesen i Lutelandet utvikling skriv i Firda at han vil satse på vind. Tendensane er positive. Det kan sjå ut til at andre enn bunadseliten og hersketeknikkfolket er i ferd med å innta debattarenaen med innovative forslag. Det er bra.

Gloheite kuler på børs

Norge er eit av dei områda i verda forskarane anslår vil klare seg best i møte med klimaendringane. Greit nok, vi kjem til å få ein del meir vind, meir nedbør, nokre grader høgare temperaturar og ein del mindre fisk i fjordane, men her kjem til å vere fint levelig for folk. Fisken vil vandre nordover langs kysten til kjøligare farvatn, og det blir dårlegare forhald for oppdrett sør for Stadt, men akkurat dette er det fint lite å gjere med. Klimaendringane er over oss, vi klarer ikkje stoppe dei. No gjeld det å bli med på lasset når bedriftene som satsar på teknologi for framstilling av fornybar energi, går gloheite på børs.

Ved Vestlandsforskning i Sogndal held nokre av Norges fremste klimaforskarar til. Eg slår, som Vestlandsforskning, eit slag for fornybar energi som det nye industrieventyret i Sogn og Fjordane.

Sats på sol

Solteknologiprodusenten Norsun i Årdal fekk støtte frå Årdal Framtid og Innovasjon Norge, starta bygginga i januar og skal etter planen starte produksjon til den internasjonale solindustrien i begynnelsen av 2008. Antal ansette er anslått til 120, og Norsun legg blant anna vekt på at Årdal har folk med solid industrikompetanse med erfaring frå Norsk Hydro.

Daglig leiar Terje Laberg i Årdal Utvikling kalla i Aftenposten Årdal for eit av dei beste skiftsamfunn som finst. No er utfordringane å skaffe nok folk og nok bustader. Snart opnar Dooria-prosjektet, den nye dørfabrikken på 5000 kvadratmeter ved inngangen til Årdalstangen. Her vert det førti arbeidsplassar. Årdal skaper med andre ord moderne industrihistorie.

- Det er ikkje spesielt gode støtteordningar for dei som vil starte opp ny industri i Norge, heller ikkje dei som vil starte med produksjon av teknologi til fornybar energi. Det er heilt klart eit tankekors at det er vesentleg gunstigare å etablere industri i andre land i Europa enn i Norge, sa administrerande direktør i Norsun, Jon Hindar til meg.

Støtt fornybar energi

No ser Norsun seg om etter lokalitet til sin neste fabrikk. Her vil eg slå eit slag for satsing på innovativ industri og teknologi for framtida. Sogn og Fjordane kan lokke fleire innovative industrisatsingar som Norsun til fylket med gode finansierings- og støtteordningar. Kjør på og våg å satse. Det er no fornybarenergi-toget går, seier SINTEF-forskarane. Heile verda er i desse dagar i ferd med å kaste seg på teknologien som skal produsere framtidas energi. Noreg er dessverre ikkje eit av dei landa som legg til rette for dette, men her kan Sogn og Fjordane ta eigne grep og sikre seg det som er spådd å bli framtidas teknologi gjennom gunstige finansierings- og støtteordningar.

I sommar var den store historia frå Sogn og Fjordane den tragiske historia om Vest Tank. Historia spreidde bodskapen om eit lokalsamfunn som ikkje taklar dei utfordringane som kjem. Eit lokalsamfunn der fleire selskap som handterar giftig avfall får etablere seg i rein desperasjon etter næringutvikling og inntekter. Det er ikkje eit image som sel.

Det er trist når lokalsamfunn har så liten sjølvtillit at dei vel å satse på det ingen andre vil ha. Våg å tenke nytt.

Defensivt mot unge

Men midt oppe i alt framtidsretta muligheter, midt i Nordic Power Systems som skal bygge ein fabrikk for nye kraftgeneratorar i Høyanger, presterte enkelte lokalpolitikarar i Sogn og Fjordane i høst å gå til valg på det defensive tiltaket som at kommunen skal finansiere nedbetaling av studielån for unge som flyttar til distrikta.

Dette er tiltak som signaliserer lite anna enn desperasjon og eit distrikt i krise. Greit nok, mange kommunar sliter med fråflytting men det hjelper ikkje å rope til folka i nabobåten at hey, skipet vårt synk, og det er unekteleg det ein gjer når ein foreslår slike tiltak, i alle fall ikkje når det vert lansert like etter at Vest Tank gjekk i lufta. Greit nok, det smellet skremte mang og ein av oss, men seriøst.

Som Stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap) frå Høyanger sa, er nedbetaling av lån på ingen måte eit positivt signal å sende ut. Forslaget om tilbakebetaling av studielån er defensiv og negativ reklame. Det fortel oss at hey, i Sogn og Fjordane er det faktisk så ille fatt at ein må gi folk penger for å bli der. Det siste er tull.

Greit. No er det litt for seint, men til neste valg foreslår eg paroler som ”Jobb på Norsun”, ja til støtteordninger til fornybar industri eller vi vil skape global industrihistorie som valgkampoverskrifter. Dei fleste høgt utdanna mennesker taklar studielånet sitt, men det er ikkje alle som klarer å finne draumejobben. Mitt neste forslag er å sjekke tendensar i tida før ein slenger populistiske krisetiltak på bordet.

Bunadsbålet

Skipet synk ikkje

Sjølv slo eg for ei lita stund sidan av ein prat med fiskeriminister og finnmarkspatriot Helga Pedersen (Ap) om korleis ein region kan marknadsføre seg som attraktiv i ei verd der ein stad sitt image/ omdøme har dokumentert stor betydning for om folk vel å slå seg ned der eller ikkje.

Pedersen sa at Finnmark lenge har vore forbunde med sutring, kriser og subsidier: Dette heng saman med at ein har hatt mange utfordringar, men strategien med svartmaling og krisemaksimering, er no for evig forlatt. Ingen roper lenger på krisepakkar til Finnmark. Dei ropar på rammebetingelsar. Her kan vi lære. Kutt ut preiket om nedbetaling av studielån, begynn å snakk om finansiering av framtidsretta industri.

Svartmaling var ingen god søknad å sende til sentrale myndigheiter, sa Pedersen, og heller ingen god måte å inspirere eiga befolkning på. Ingen vil satse på eit fylke utan framtid, og ingen med høg kompetanse vil vere med på eit skip som synk. Det er viktig å få fram at Sogn og Fjordane ikkje er eit skip som synk, samt at fylket ikkje er ein defensivt bunadsstat. Den nye parolen kan bli klimafylket Sogn og Fjordane.

Set dagsorden sjølv

Det er på høg tid Sogn og Fjordane begynner å sette dagsorden sjølv. Vi må få fram innovasjonen som finst mellom fjella, og late den vinne over eksploderande tankar og bunadselite når Sogn og Fjordane skal vise seg fram.

Fylket fortjener bedre enn selskap som Vest Tank, men distrikta kan også sjølv ta grep om kva næringar dei vel å satse på. Fylket kan bli ein trendsettar på miljø.

Anne Viken, Bygstad/ Oslo, journalist i Klassekampen og vestlandspatriot på sin hals. viken.anne@gmail.com

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Tamme elgar som produserer ELGpapir, ELGolje og ELGmelk

I Jämtland lagar Sune Häggmark papir frå elgmøkk, ost frå elgmelk og lanolin frå elgpels. ­ Verdas dyraste ost! roper Sune Häggmark på svensk, stotrande engelsk og improvisert fransk. ­ Shit is money! Money, money, money! Jag älskar moose!   Fleire titals turistar, deriblant mange nordmenn, står tett i tett på tunet i Orrviken, ein kjapp køyretur sør for Østersund i svenske Jämtland. Her har Häggmark realisert sitt eige elgparadis med produksjon av papir frå elgmøkk, ost frå elgmjølk og lanolin av feittet i elgpelsen. Han er den entusiastiske gründeren bak turistverksemda Moosegarden, eller "elghagen" på norsk. Häggmark lever godt, svært godt etter at Moosegarden vart starta i 1997 som ein følge av to morlause kalvar som trong ein heim. Han gjer det klinkande klart for dei store flokken turistar at det er ei mengde pengar i elg. Moosegarden eksporterer elg til Polen, Tyskland og England. Inspirasjonen hentar han frå Russland. Ein tam elg kostar 35 0...