Gå til hovedinnhold

BIff frå Uganda til Europa viste seg å vere eit vanskelig prosjekt

Biff frå Uganda til Europa stod på planen. Eg drog ned for å undersøke kva utfordringar Nortura møtte på vegen mot kjøt med eksportstandard.

Norads konsulentar bomma med fleire tiår i si berekning av tidsrammer for prosjektet: kjøt skulle til Europa i løpet av fem år. No er det ikkje realistisk i overskueleg framtid.  

Det er ikkje "vond vilje" og "nei til handel" som gjer at vi ikkje importerer kjøt frå Uganda slik mange trur, men dei ekstremt strenge hygienekrava som vert stilt på den europeiske marknaden. Desse krava greier ikkje Uganda innfri. Eksempelvis vil vi ikkje ha kjøt med munn- og klauvsjuke.


I Uganda: Anne Viken (tekst og foto), trykt i Nationen 30.april 2011.

Top Cut slakteri i Kampala, Uganda, er tomt. Berre eit par menn søv på golvet. På ein bjelke under taket ligg ei notisblokk med oversikta over dagens slakt. Under slaktinga som startar klokka tre om morgonen ligg levande og døande dyr, tarmar og horn på golvet i kramper og blod. Det er ikkje ein slaktemåte den europeiske marknaden godtar. Eg har fått beskjed om å møte opp etter at slaktinga er avslutta.

Afrikas grøne perle

I november 2010 sette underteikna seg på flyet til Ugandas hovudstad Kampala ved Viktoriasjøen og Nilens utspring. Eg skal besøke Uganda Meat Producers Cooperative Union (UMPCU). Nortura er involvert her. Dei har demontert ei slaktelinje på Fosen som skal sendast nedover, og Norad er i gang med eit forprosjekt for å undersøke kor realistisk det er å få på beina ein kjøteksporterande industri i Uganda retta mot den europeiske marknaden. Kjøtet skal nå Europa i 2011. Det er kort tid att og kva skjer?


Ved rullebana beitar kyr på grøne marker. Uganda, mennesket si vogge eller Afrika si grøne perle, er som kallenamnet tilseier eit grønt land. Her veks det villig vekk, og landet blir dermed ansett å vere ideelt for produksjon av kjøt.  

I 1971-1979 var landet styrt av Idi Amin, ein av verdshistorias verste tyrannar. Då Idi Amin flykta, låg kjøteksporten i grus. John Semolya er veterinær og arbeider som kvalitetsinspektør ved Top Cut Abattoir i Kampala. Abattoir betyr slaktehus, og Top Cut samarbeider med UMPCU. Herfrå får dei hjelp og opplæring på vegen mot å møte eksportstandardar.

Semolya peiker på ein stor plakat på veggen. Pilene gjekk frå Uganda mot USA, Europa, Australia. Dit går dei ikkje lenger idag. Kvaliteten er for låg.

Vassar i blod

Går ein opp gata frå Top Cut, kjem ein til City Abattoir. Fleire menn er travelt opptatt med å hogge horn av kuskallane med øks. Mennene går barbeinte i blodet, på kanten sit gribbane. Stemningen er på topp, lufta stinn. I huset bak slaktar ein kyllingar og høns. Geiter blir bunta saman og stappa i kassar bakpå mopedar før dei forsvinn ut i den tette trafikken. 

I tørre innhegningar står Ankoli-feet med sine majestetiske horn på rekke og rad. Dei ventar på å bli slakta. Langs muren sit oppkjøparane og ventar på lastebilane fullasta med Ankolikyr. Lastebilane kjem frå landsbyar rundt Kampala.

Massive utfordringar

UMPCU har kontor i Norwegian Business Centre. Det er friskt og fint, høgt oppe i ei blokk oppi ein ås. Bak kontorpulten sit veterinær Godfrey Bigirwa. Han seier ei av utfordringane med Ankolikyrne er den låge produksjonen. Dei vert 400 kilo og melkar ein til to liter per dag. Skal ein eksportere til Europa, treng ein meir effektive rasar. I julekalendaren til UMPCU ser vi bilete av Limousin, Charolais og andre kjøtrasar frå vesten. 
 
­ Vi ønsker å forbetre kjøtproduksjonen og organisere bøndene i kooperativ. Vi skal lære dei om å halde oversikt over avl, om fôring og handtering av sjukdomar. Produksjonen må betrast så vi kan nå europeisk standard, seier Bigirwa.

Samvirke etter norsk modell og tankegang skal sikre bøndene betre prisar. Nortura sitt motto i prosjektet er «a fair share to the farmer», eller ein rettferdig andel av prisen skal gå til bøndene. Slik er det ikkje idag. Idag tek mellommenn mesteparten av kaka.

Privatsjåføren til UMPCU heiter James. I full fart køyrer han firhjulstrekken nordover, ut av Kampala. Langs vegane går flokkar av Ankolikyr. Dei går tett i tett, side ved side og skal same veg som oss, til ein lokal marknad for kyr. Vi møter fleire lastebilar fullasta med kyr som køyrer motsett veg med retning Kampala. På toppen av bilane sit flokkar av menn. På sidene heng syklar.

Ingen bissnissmentalitet

I framsetet lener veterinær Joshua Waiswa seg bakover. Han bemannar UMPCU sitt lokale kontor. Wiswa er ung, nyutdanna, iført rosa skjorte og finsko. Då han tok eksamen fekk han førti geiter av far sin. Dyr er status, og jo fleire dyr du har, jo rikare er du. Dette er ei utfordring med tanke på å tilpasse seg eksport. Bøndene avlar ikkje på dyr som veks godt, men på flest mogeleg dyr.
­ Så sel dei til slakt når dei treng pengar til å betale skule for borna, eller eit nytt hus. Bissnissmentaliteten er heilt annleis enn vår. 


Tracy Hathorn, dagleg leiar ved UMPCU, har gitt ei grundig innføring i ugandisk mentalitet før avreise til felten. Hathorn er kvit, frå Sør-Afrika og var før gift med den einaste kvite farmaren i Uganda. Der farmen før låg, er det no nashornreservat.







Telefonfarmarar

­ Denne bonden har 25 000 storfe. Om du har 400 dyr, er du ein veldig rik bonde, seier Wiswa entusiastisk og peiker ut vindauget på bilen.

­ Vi kallar desse store bøndene for telefonfarmarar. Dei bur i Kampala, ringer til bestyraren og spør what's up - kva skjer? 
 
Bilen svingar av på ein humpete veg. Mafealde Jotham sit i skuggen av eit tre og betraktar arbeidarar som bygger nye hus på gardsplassen. Høner hakkar i grusen. Han serverer brus. 




Jotham eig 1400 kyr og understrekar at garden er ein hobby. Kapitalen frå garden reinvesterer han i Kampala. Han har tru på samvirketankegangen og ønsker seg større avkastning frå garden. Då er Europa eit godt mål.

­ - Kooperativet skal hjelpe oss med å marknadsføre kjøtet vårt og gi oss betre prisar og tjenester, seier han og viser til at UMPCU skal tilby gratis inseminering av ein del av dyra i byte mot at bøndene betaler medlemsavgift, seier han.

Vi køyrer vidare. Det blir tettare mellom lastebilane. Alle mennene på toppen har kjøpt eit dyr eller to. Ein kjøper kua frå bonden på marknadsplassen, ein sel kua til mannen på lastebilen som transporterer den til byen og sel den til ein mann som tek den gjennom slaktehuset. Når desse mellomledda er borte, skal bonden få meir.  

Myndigheiter ute av funksjon

På marknadsplassen står kyr, spekalvar og oksar tett i tett langs gjerda. Dei er bundne etter bakføtene. Rundt marknadsveterinæren er det fullt kaos.
Signerer han ikkje på at dyra er friske, blir han jaga. Dyra lever fine liv så lenge dei lever. Det er transporten som er problemet. Men seier eg frå om dyrevelferda blir også eg meld til politiet og jaga. Myndigheiter og kontrollinstansar fungerer ikkje, seier Waiswa.


Eksport om 25 år

På handlesenteret Garden City sit Hussein Jivraj, direktør for Ranchers Butchers Shop and Grill. Jivraj har studert kjøtteknologi i London, og drive kjøthandel i Kenya i mange år før han flytta til Uganda.
Jivraj ristar på hovudet. Transporten ødelegg kjøtkvaliteten. Først ein dag utan mat og vatn, så transporten, så vente ein dag på å bli slakta. Dyra taper mykje hald før mansjeten blir svinga. 
 
­ Når er Uganda klar for Europa?
­ Om 25 år. Det er ikkje slik at her er for mykje, eller at vi ikkje veit kvar vi skal gjere av kjøtet. Her er berre nok kjøt til å halde landet gåande. Hovedutfordringane er sjukdommane, dyrevelferda og halalslaktinga.
Jivraj ringer ein kamerat, veterinærsjefen i Kampala som ikkje vil bli omtalt med namn og foto.
­ Når vi er kvitt Munn- og klauvsjuke kan vi eksportere til Europa, seier han.
­ Når er det?
­ Vi seier 2016, ok, men i 2016 seier vi at vi treng fire år til. Då er vi ok. Ti år.

Afrikans eventyr

Sola har gått ned over Kampala. Strømmen har også gått. Det er ikkje uvanleg. Store deler av tida er vatnet vekke. I sofaen framfor eit stearinlys sit John Cousins. Han er pensjonist og ser ut som den klassiske afrikanske eventyraren, ein kar som kom til Afrika og som aldri kunne dra derifrå. Coursin har i mange år vore leiar for The Boran society i Kenya. Organisasjonen arbeider med avl på Boran, ein kjøtproduserande storferase.

- ­ Vi har fantastisk klima for matproduksjon her ved Viktoriasjøen, seier han.
­ - Jinja, Nilen sitt utspring, er veldig grønt. For å produsere kjøt her treng du berre hundre kyr og to tre oksar. Slepp dei på beite om dagen og om natta har du dei i ei innhegning av tornebuskar. Og kva kostar dette graset? Ingenting. Eksport er mogeleg, seier Coursin og forsvinn ut i den afrikanske natta.

Ambisjonane for høge

Dårleg fageskpertise frå konsulentar resulterte i urealistiske tidsrammer, meiner professor i veterinærmedisin. Nortura ønsker framleis og bidra med kompetanse.

I Uganda: Anne Viken (tekst og foto)

I 2002 vurderte Gilde Norsk Kjøtt nye importstrategiar. Kjøtkonsumet ville auke i åra som kom, og kombinert med stagnasjonen i norsk kjøtproduksjon, var det nødvendig å vurdere kvar ein kunne importere kjøt frå. Blikket fall på Uganda, og eit team av ekspertar vart sett på oppgåva med å gjere eit mulighetsstudie derifrå.







Minst utvikla land

I 2007 var studiet klart: i løpet av fem år skal slakta opp frå golvet og opp på slaktelinjer. Målet var å utvikle ein eksportretta kjøtindustri i MUL-landet Uganda. MUL står for Minst Utvikla Land, og med MUL-status vil Uganda nyte godene av tollfri import til Europa. Uganda treng eit eksportprodukt som kan ersatte den svinnande marknaden for kaffe. Europa vil ha kjøt som oppfyller våre kriterier for import. I løpet av 2011 skal Uganda eksportere kjøt til Europa som stiller verdas tøffaste kvalitetskrav. Nortura skal sende ned ei slaktelinje frå Fosen. Norad skal finansiere eit forprosjekt som er ferdig sommaren 2011.

Slaktelinja framleis i Norge

Men slaktelinja ligg framleis i Norge. Ting gjekk ikkje heilt etter planen. På halvårsmøtet mellom Norad og MAAIF / GOU (Government of Uganda) i april blei det konkludert med at å nå eit kravande marked som Europa er umogeleg i overskueleg framtid. Utfordringane er for store. Ein tar no istaden sikte på å utvikle ein lokal og regional marknad.
 
­ Det var ein ganske kraftig bom i tidsrammer?
­ Ja, det er sant det. Ugandiske myndigheiter sa det var mulig, så det er ei undervurdering av kompleksiteten i å utvikle ein dyrepopulasjon uten sjukdom og med ein kvalitet som Europa synest er god nok. Å sette opp gjerder og å vaksinere fleire tusen dyr, er mogeleg, men å endre styresett tar tid, seier Gunnar Dalen, direktør for næringspolitikk og samfunnskontakt i Nortura, og understrekar at Nortura bistår med kompetanse og opplæring. 
 
Nortura vil bidra med kompetanse i det vidare arbeidet, og slaktelinja frå Fosen ligg pakka og klar til å sendast, men slakteriutbygginga blir no styrt av ugandiske interesser, og er innordna i ein overordna plan for utvikling av landbruket i Uganda - Development strategy and investment plan (DSIP).

Politisk spel

­- Korleis var det mulig å bomme så kraftig på tidsrammene?
­ - Det er eit resultat av den norske godheitstanken, manglande kunnskapar om Uganda og politisk spel, seier professor ved Institutt for mattrygghet og infeksjonbiologi ved Norges Veterinærhøgskole, Eystein Skjerve. 
 
Han meiner Nortura har vore edruelege i prosjektet. Det er ekspertane dei har nytta seg av som ikkje kunna sitt fag. Veterinær Ivar Foss, som leidde arbeidet med kartlegging av utfordringar og tiltak i mulighetsstudiet frå 2007, ønsker ikkje å kommentere saka då han var innleigd på konsulentbasis.

Bjørn Holter Eriksen, direktør for avdeling for næringsutvikling og miljø i Norad, seier at eit forstudie er gjennomført for å sjå om det er mogeleg å gå vidare med eit revidert hovedprosjekt.

­ - Vi har gitt midlar til forstudier og vil gjerne ha med norsk kompetanse og næringsliv. Nortura har vore interesserte og gått inn, og vi har har finansiert forstudiet som er ferdig til sommaren, seier Holter Eriksen.
 
­ - Ambisjonen var eksport til Europa, men det heldt hardt å få det til innan overskueleg framtid. Men Uganda har store mogelegheiter for kjøt, i første omgang ein lokal og regional marknad. Midt-Østen er ein aktuell marknade med mindre strenge krav til kvalitet enn Europa.


Reportasjereisa er finansiert av Norads journaliststipend 2010.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb