Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg med etiketten utdanning

Høgare utdanning og atter utdanning: bra eller bortkasta?

Det finst utrulig mange interessante debattar rundt høgare utdanning. Eg sit og les, og legg ut nokre interessante lenker her. Årets THE-ranking inneholder lite nytt. Syv av de ti beste universitetene i verden er amerikanske, og NTNU er fremdeles mellom de 250 og 300 beste. Men et aspekt vekker interesse: Hvilke er de beste universitetsnasjonene når man korrigerer for BNP? Les artikkelen. Elin Ørjasætar meiner at utdanningsnivået i Norge er for høgt, men analysen og begrunnelsen minner mest om eit statement og kunne gjerne vore betre utdjupa. Her tar ho til orde for at utdanning er den nye bobla «Consumers who have questioned whether it is worth spending $1,000 a square foot for a home are now asking whether it is worth spending $1,000 a week to send their kids to college. There is a growing sense among the public that higher education might be overpriced and under-delivering,» skrev Joseph Marr Cronin og Howard E. Horton i The Chronicle of higher education i 2009. (...

Motmakt i Noreg

kronikk frå Adresseavisa Universiteta utanfor Oslo er noen av dei sterkaste motmaktinstitusjonane i Noreg! Regionavisene er også viktige symbolske motmaktinstitusjonar i det norske systemet. Les også min kronik k om tematikken her. Kjøpt og betalt av sentrum? Universitet er viktige symbol- og maktinstitusjonar.

Eit gufs frå fortida

Det som eg meiner er eit problem, bortsett frå det som står i kronikken , er at det ser ut for meg til at politikarane ikkje er i synk med dei som er nyutdanna. Dvs dei følger ikkje med, er dei for gamle,spør eg meg av og til. Er dei i kontakt med unge, veit dei kva som foregår, er dei klar over at problemet faktisk er at mange vil flytte hit, men at dei ikkje finn seg jobbar??? Eg lurer. Når Aps Ingrid Heggø presterte på NRK igår å sei at "unge må vite kva arbeidsplassar som finst, slik at dei kan utdanne seg til det vi treng her i fylket", så er det eit gufs frå fortida. Sorry men slik tenker ikkje folk i stor grad lenger. Det Heggø insinuerar er at "vi må utdanne oss til det dei treng oss til". Ho grip dermed problemet i feil ende. Fakta er dette: "DE må tilby OSS jobbar Vi vil ha, eller innsjå at vi stikker." Vi er bortskjemte, mobile, vi kan flytte oss. Det hjelp ikkje å tilby småpenger for varige endringer. For nedbetaling av studielån er virkelig sm...

Frå motekspertise til vekstdrivar

Frå skuletun til Campus. Soga om Høgskulen i Sogn og Fjordane. Av Gunnar Yttri, Skald forlag. Norsk høgare utdanning tok ved inngangen til 1970-åra ikkje berre steget frå eliteutdanning til masseutdanning, men sprengde også tidlegare fastlagde geografiske og kulturelle grenser innanfor utdanningssystemet. Ideen med etableringa av distriktshøgskulane var utdanning til folk der folk var. Det vesle forlaget Skald i Leikanger i Sogn og Fjordane har gitt ut praktboka «Frå skuletun til campus – Soga om Høgskulen i Sogn og Fjordane». Boka, skriven av historikar Gunnar Yttri, speglar endringa frå sekstitalets fokus på lokal kompetansebygging og vern om lokale verdiar, til dagens fokus mot ein stadig meir internasjonal marknad for utdanning. Motekspertise I 1965 låg Sogn og Fjordane i det nasjonale botnsjiktet i antall avlagde artium, og i 1970 omtala historikaren Johs. B. Thue Sogn og Fjordane som eit «sundslite og attendeliggande fylke». Til Kyrkje og undervisningsdepartementet gjekk de...

Utdanningskonsumentene kommer

Alderen har lenge tynget akademia, men det som er enda mer faretruende, er om akademias sterke stemmer i offentligheten nå forsvinner, slik Klassekampens serie som har stått på trykk sist uke mer enn antyder. I denne forbindelse er det interessant å trekke paralleller til det pågående rektorvalget ved Universitetet i Oslo (UiO), samt generasjonen som ennå ikke har oppnådd mer enn maks en doktorgrad. Ny rektor To rektorkandidater kjemper i disse dager om lederjobben for Norges største utdanningsinstitusjon i det som ser ut til å bli en langt mer stillfaren valgkamp enn den vi var vitne til i 2005. Den av medisinprofessor Ole Petter Ottersen (53) og teologisk fakultets dekan, Trygve Wyller (58) som vinner valget i april, blir den som leder UiO inn i periden da flere av de mest profilerte, i følge Klassekampen, stemmene forlater akademia. Dette er interessant, fordi de begge har flagget et sterkt ønske om å gjenreise UiO som som en betydelig kultur- og samfunnsaktør. Spørsmålet so...

Ut av Blindern-bobla, om rektorvalget ved UiO

Skal Universitetet i Oslo bli ein viktig samfunnsinstitusjon, må rektor heve stemma. ( Denne kommentaren står på trykk i Dag og Tid denne veka). Rektorvalkampen skadar Universitetet i Oslo (UiO) sitt omdøme, skreiv studentavisa Universitas sist veke. Dette viser ei undersøking som kosta 450 000 kroner og var utført av verdas største kommunikasjonsbyrå, Burston-Marstellers, på oppdrag frå universitetet sjølv. Burston-Marstellers hjelper oppdragsgivarar å få gjennomslag, står det på nettsida deira, gode råd har lov å vere dyre, og når den svertande rektorvalgkampen i disse tider atter ein gong skal rulle over Blindern, er det viktig å vakte sine steg. * Midten av denne kommentaren er klipt bort og ligg ikkje her på bloggen. Dette er kun ein reklamesnutt. Heile kommentaren kan lesast i avisa. * Hev stemma Runde ord og vendingar er fint å høyre på, men er ikkje godt materiale for konstruktiv debatt og gjenreising av UiO som ein viktig samfunnsinstitusjon. UiO har rundt 30 000 studentar ...

Ut av bobla

Idag var det første møtet mellom dei to rektorkandidatane ved Universitetet i Oslo. Begge peika på viktigheten av å vere synlige, og av å vere ein viktig samfunnsaktør, men ingen av dei var spesielt konkrete på kva dei vil. Dei vil gjere bra ting, ha gode forhold for studentar og forskning, men kva betyr det i praksis? Då kom eg på denne saka som eg skreiv som journalist i Universitas, back in the days. Ut av bobla. Eg trur ikkje det er så dumt å tenke på kva rolle ein vil innta, og at ein som rektor deltek i samfunnsdebatten. Ikkje lat det vere sant som Rune Slagstad seier , at dei utydelige er på veg oppover stigen i akademia. Dei som ikkje bryr seg om anna enn karriere. (Og ja, eg veit at begge rektorkandidatane alt har gjort karriere, men no tek dei atter eit steg/ prøver å ta atter eit steg og det krev at dei maktar å sei andre ting enn ukonkrete ja og amen til kvalitet og utvikling).

Låg kvalitet på seminarundervisninga ved UiO

All undervisning er kunst, skriv lærer og psykologistudent Cecilie Benneche på lesarbrevplass i Aftenposten idag (8.feb 1009). Hennar reaksjon er svar på kronikken av Svein Tore Marthinsen i same avis, der Marthinsen skriv at seminarundervisningen bør innta ei nøkkelrolle ved universiteta. Min umiddelbare reaksjon var at denne kronikken var både svært naiv og tufta på smale eigne erfaringar som seminarleder. Seminarundervisninga slik den er per i dag, er iallefall ikkje på SV-fakultetet anna enn reine sorgen på mange av faga. Eg reagerte som Benneche då eg las kronikken. Ho skriv: "Jeg har imidlertid vært på så mange dårlig ledede seminarer at jeg finner det viktig å si noe om dette". Eg er heilt einig. Mi, og mange andre si erfaring med DEI OBLIGATORISKE seminara ved Universitetet i Oslo (eg har ein bachelor i Internasjonale studier ), er at dei held eit så lågt fagleg nivå at det er kort sagt bortkasta tid. Mykje tid går med på å gi informasjon om korleis seminara skal leg...