Halal utan bedøving er avansert dyreplageri, men ein billeg måte å slakte på. Difor blir det i EU produsert langt meir halalkjøt enn markedet etterspør.
Medan etterspørselen etter halalkjøt i EU ligg på åtte prosent, vert 65 prosent av alle franske kyr og kalvar avliva med strupekutting, utan bedøving. Altså halal. I Belgia vert 92 prosent av alle sauer avliva halal. Kilde: det EU-finansierade prosjektet Dialrel (Dialog angående religiøs slakt). Nesten all slakting i Paris blir utført på halal - eller kosher-måten - for å forenkle produksjonen og spare kostnader (Kampen om ytre høyre, Stavanger Aftenblad 27.februar 2012).Men sjølv om alt er slakta halal, er det merka som halal, kosher og vanlig ( VG 23.feb ). Strupen kuttes medan dyret står. Etter at den er kutta kan dyret bli ståande medan blodet sprutar. Dei står med avskoren hals og ser rundt seg i slakteriet før dei daudar. Etterkvart vil det segne om. Det kan ta fleire minutter å dø. Ved import av kjøt er det sannsynleg at HALAL kjem i butikken også her. Dette er ikkje merka og ein kan difor ikkje vite kva kjøt som er halal og ikkje. Dette er eit problem i Sverige. Ein har