Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra oktober 1, 2009

Sogn og Fjordane: no også 69 prosent eigna for ulv

meiner Kurt Oddekalv etter å ha rekna litt med atlas og kalkulator. Spennande! Fylket er også 91 prosent eigna for sau i følge mine beregningar utført på øvre løkka med kulepenn og rekneark. Om ein tar 91 prosent minus 69 prosent så får ein at fylket er 22 prosent eigna for Kurt Oddekalv. Frå spøk til alvor: Det er mange paradoks med miljøbevegelsen: mange vil verne natur for natur, men ser ikkje ut til å forstå at om vi også skal bevare verda i heilhet, så treng vi også mat, og at i Sogn og Fjordane kan vi dyrke rein mat. I eit større perspektiv enn ulve-navle-perspektivet bør vi ergo satse på sau. Rovdyrstammane er veksande i Europa, matvarekrisa er også veksande. Ja til sau. Ja til levande distrikt. Vi kjem til å ete sau uansett om vi produserer den i Norge eller ikkje, så kvifor ikkje produsere den der vi kan gjere det naturnært og mest mulig miljøvennlig? Er Oddekalv forkjempar for industrisau? Å sei ja til rovdyr, og nei til sau, er å sei ja til import av storskala og miljøfiend