Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra desember 10, 2007

Hetlesaka blir teater

To karar står å grev opp ei grav på kirkegarden på Viksdalen saman med ein an kar. Brått kjem det ein hest inn grinda på kirkegarden. Den er fullt påsela. Hesten travar bort til den opne grava, kikar nedi og ser på dei to karane før den forsvinn i lause lufta. Var det denne hesten Hetle-karane var på fjellet å leita etter den natta Henrik Hetle fall død om på Hetlestølen på Viksdalen ei natt i august 1906? Den har isåfall vore daud i over seksti år. Bildet viser Mikale Hetle (skodespelar) i slåttemyra som han og Henrik Hetle krangla om. Neste viser Henrik Hetle kvelden før han døde Heilt sidan eg var lita har eg hørt pappa fortelle om Hetlesaka og Hetle-karane. Halve slekta mi er frå Viksdalen . Det er utrulig fasinerande korleis ei heil bygd kan gå i flokk og få to karar uskuldig dømt utan det fnugg av saklege bevis. Eg har lese ein god del av rettargangen og bevisa mot dei to, og det kan i verste fall seiast å sprike i absolutt alle retningar. Obduksjonen av den døde Henrik blei i ti