Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg med etiketten foto

Den nye Dalsfjordbrua ser slik ut!

Fredag morgon klokka 08.10 er det reportasje frå Bygstad på God Morgon Norge. Bygstad vann avstemninga om Sogn og Fjordanes vakraste stad. Då TV2 var på besøk, tok eg meg ein tur i båt ut Dalsfjorden frå Bygstad til Dale og såg på brua som dei skal bygge over fjorden. Nokon må jo sjekke at den står støtt og ikkje veltar uti fjorden, så eg tok altså på meg denne jobben. Slik ser det ut om ein ser den frå Dale. Her er brustolpen på Dalesida. Og her er den andre sida. Du ser tunnellen går inn i fjellet bak der. Her ser vi brua frå Dalesida igjen, med fundamentet og alt. Rimelig høge brutårn! Laukelandsfossen over, og brutårnet på andre sida under. Begge brutårna sett med Dale i bakgrunnen.

Ostelaging på sæter i Härjedalen, glimt frå praksis

Dette er meg. Eg blir litt utydeleg når det regnar. På veg til pasientbesøk, møtte eg på eit par kyr. Det viste seg at desse kyrne melkar for eit sætermeieri. Her er eit klassisk sætermeieri.   Eg kjeik inn døra. D er var det ostelaging på gang. Eg fekk lov å ta litt fotos, og sidan dagens sæterku var min siste pasient, tok eg meg god tid til å drikke kaffe med bonden som kokte ost, samt fekk meg ein leksjon i alt om ostelaging på sæter.     25 liter melk vert først varma til 33 grader, så tømmer ein i slikt magisk ostestoff og let det stå i 45 minutt før ein kokar det opp og let det koke til halvparten er att. Så let ein det stå og modne i eit døgn. vips, et! held seg to tre veker i kjøleskap eller kan frysast ned. heime kallar vi det for mylse. her kallar ein det grynost No kokar melka. Under gryta er det ved. her er ein an type ost som ligg og modnar, av kumelk, laga på sætra. kumelk frå sætra har høgare feittinnh...

Gamle bilder og bilde av min bestefar med pipe

venstre: min bestefar Moses Viken med pipe Her finn du fleire gamle bilder frå Sogn og Fjordane.

Jul, puddersnø og sol i Sunnfjord

Så her kjem eg frå: Ytre Hjelmeland i Bygstad i Gaular. Her går det svært sjeldan buss, så det er berre flaks at eg fekk tatt eit bilde av denne villbussen på tur mot Dale. Kvart år les eg juleheftet Jul i Sunnfjord, og eg må sei det blir betre for kvar gong. I år var det riktig bra. Her er brua over elva inne med gamlebutikken. Du kan skimte eit nedlagt bedehus i den tette urskogen ovanfor vegen. Slik ser det nedlagde bedehuset ut frå andre kanten. Eg bur da ca ein kilometer bak ryggen på fotografen. Det gule huset er den nedlagte butikken. Eg hugsar då den vart lagt ned: eg hoppa opp på ryggen til ein ukjend mann som eg trudde var min fetter. Det var svært flaut. Her ser vi ei nedsnødd gyllevogn. Den står i veikanten og latar som ingenting. Typisk gyllevogn. Ein gong eg skrudde opp ei slik vogn bak (vogna stod i nedoverbakke), fekk eg, ja riktig: gylle midt i trynet. Livet på bygda er hardt. Her er eit busstopp. Sjeldan brukt. Her ser vi all snøen! Her er masse snø, puddersnø, sol og...

Fjordhest NM Førde 2008

alle foto anne viken Bileta er henta frå min reportasje om fjordhest i Dag og Tid www.dagogtid.no

City living - Grünerløkka, Oslo