30. des. 2009

Jul, puddersnø og sol i Sunnfjord


Så her kjem eg frå: Ytre Hjelmeland i Bygstad i Gaular.


Her går det svært sjeldan buss, så det er berre flaks at eg fekk tatt eit bilde av denne villbussen på tur mot Dale.



Kvart år les eg juleheftet Jul i Sunnfjord, og eg må sei det blir betre for kvar gong. I år var det riktig bra.



Her er brua over elva inne med gamlebutikken. Du kan skimte eit nedlagt bedehus i den tette urskogen ovanfor vegen.


Slik ser det nedlagde bedehuset ut frå andre kanten. Eg bur da ca ein kilometer bak ryggen på fotografen. Det gule huset er den nedlagte butikken. Eg hugsar då den vart lagt ned: eg hoppa opp på ryggen til ein ukjend mann som eg trudde var min fetter. Det var svært flaut.


Her ser vi ei nedsnødd gyllevogn. Den står i veikanten og latar som ingenting. Typisk gyllevogn. Ein gong eg skrudde opp ei slik vogn bak (vogna stod i nedoverbakke), fekk eg, ja riktig: gylle midt i trynet. Livet på bygda er hardt.


Her er eit busstopp. Sjeldan brukt.


Her ser vi all snøen! Her er masse snø, puddersnø, sol og måneskinn! Supert


Fortsatt god romjul!

Viken, the blogger i typisk vestnorsk outfit.