Eg drog til Sverige for å arbeide som veterinær. Dårlegare lønn men meir erfaring, billeg frisør men elendig utvalg på matvarebutikken.
Kor mange nordmenn er det i grunn som hadde akseptert å arbeide for utenlandske lønningar? Likevel ønsker vi oss utenlandske prisar. Kvar er den kompetansebaserte analysen og refleksjonen? Er ikkje Norge eit høgt utdanna folk? Reiser vi ikkje meir enn før, eller er det berre helgefarting til storbyar? Eg lurer av og til litt på det. Debatten bør reflektere kunnskapsnivået i befolkningen, og i denne saka virker det vere skremmande lågt. Det vil til sjuande og sist slå tilbake på forbrukar sjølv. Vi kan gjerne more oss med saker i media om kor billeg det er i Sverige, men det blir litt mindre gøy den dagen prisane er doble av dagens nivå. Etter at eg var ferdig på veterinærhøgskulen, reiste eg til Sverige for å arbeide som veterinær. Det er i grunnen litt teit. For meg som dyrlege, er utsiktene til å tjene ganske bra her i Norge, gode. Derimot, om eg reiser til Sverige, så må eg, med min ansinitet, ganske kraftig ned i lønn. Likevel reiste eg over grensa. Interessen for å lære og få...