Ein bygger ikkje landbruk på retorikk. Av veterinær, journalist og forfattar Anne Viken. Klikk på bileta så blir dei store og leselege. Lat oss ta ein rask kikk på utviklinga i landbruket sidan 2005. I denne perioden er det fjerna 18 000 årsverk frå landbruket og lagt ned 8330 gardar. Nedgang i kornareal er på 285 633 dekar og reduksjonen i dekar fulldyrka areal er på 456 219 dekar. Dette har ikkje skjedd på tross av, men på grunn av, landbrukspolitikken. Tala kan ikkje bortforklarast. Fakta: Nedbygging av kornareal dei siste åtte åra er rekordhøg i norsk samanheng. Fem tusen fotballbaner med korn har forsvunne kvart år sidan 2005. I det same tidsrommet har kraftfôrimporten auka med 108 prosent, og matkornimporten stige med 72,9 prosent. I klartekst: Norge bygger ned eigne kornareal, på same tid som vi importerer stadig meir kraftfôringrediensar og matkorn. I 2012 importerte vi, ifølge Statens Landbruksforvaltning, 697 869 tonn kraftfôr til Norge, meir enn dobb...