Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra oktober, 2011

Oslo er farlig: eg har blitt forfulgt av farga menn i Oslo og hoppa ut av taxiar i fart

Eg budde i Oslo frå 2001 til 2010. Siste tre åra ved Birkelunden på Grünerløkka. Da eg kom til Oslo gjekk eg i byen uten å tenke meg om. Siste tida kunne eg ikkje gå aleine heim frå Torggata til løkka. Eg måtte ha følge eller ta taxi. Langs gata stod det eg antar var dealere, mørke menn, innvandrarar. Eg er ingen rasist, men det var aldri kvite menn som gjekk ein meter bak meg heile vegen til løkka. Det var mørkhuda. Dei fulgte meg på sida, tett bak eller på andre sida av gata. Eg måtte stoppe og vente på andre som skulle same veg, folk eg ikkje kjente, og slå følge med desse. Det var ganske ubehagelig. Gjekk eg oppover gata, kom dei kryssande frå andre sida. Om eg ikkje snakka når dei snakka til meg, fortsatte dei å mase. Om eg svarte, fulgte dei etter. Eg har blitt fotfulgt frå Torggata til Birkelunden fleire gonger. Anten tett på, eller på andre sida av gata. Sjølv når eg har hatt følge, har eg blitt fotfulgt. Til og med på veg til byen kunne dei følge etter meg eller rope el

Ottars mediale havari

Ottars sinne og frustrasjon over at dei ikkje er i stand til å nå gjennom i media, endar opp i eit angrep på Klassekampen. Leserbrev i Klassekampen 20.oktober 2011 Ottars representantar skriv (lesarbrev 15.oktober): « Reell, feministisk kamp blir og har blitt drevet av kollektiv: innen organisert kvinnebevegelse, innen fagbevegelse, og innen grasrota i politiske parti på venstresida». Hei Ottar: Tidene, og det mediale klimaet, har endra seg, om enn ikkje Ottar. Vi nyttar bloggar, sosiale medier, tradisjonelle medier, tekst, foto og nettverk. Det er supereffektivt. Lær av oss! Mediekompetanse + fagkompetanse = tar over debatten. Difor blir enkeltaktørar oppringt av media og set dagsorden medan Ottar snublar rundt og er forbanna over at gårsdagens mediemetodar ikkje lenger funkar. Og sirkelen er slutta: ein får ein individuell, eller såkalt fragmentert, kjønnskamp basert på dei aktørane som taklar media. Ottar skriv: «Det paradoksale er at venstre sidas dagsavis de siste tiår

Høgare utdanning og atter utdanning: bra eller bortkasta?

Det finst utrulig mange interessante debattar rundt høgare utdanning. Eg sit og les, og legg ut nokre interessante lenker her. Årets THE-ranking inneholder lite nytt. Syv av de ti beste universitetene i verden er amerikanske, og NTNU er fremdeles mellom de 250 og 300 beste. Men et aspekt vekker interesse: Hvilke er de beste universitetsnasjonene når man korrigerer for BNP? Les artikkelen. Elin Ørjasætar meiner at utdanningsnivået i Norge er for høgt, men analysen og begrunnelsen minner mest om eit statement og kunne gjerne vore betre utdjupa. Her tar ho til orde for at utdanning er den nye bobla «Consumers who have questioned whether it is worth spending $1,000 a square foot for a home are now asking whether it is worth spending $1,000 a week to send their kids to college. There is a growing sense among the public that higher education might be overpriced and under-delivering,» skrev Joseph Marr Cronin og Howard E. Horton i The Chronicle of higher education i 2009. (

Kvifor slapp ikkje NRK inn på slakteri? Pluss ein del informasjon om kor sjuke norske kyllingar og kalkunar er, likevel veks dei.

På bloggposten Fjørfenæring på ville vegar fekk eg nokre kommentarar eg vil trekke fram her. Bloggen vart skriven i forbindelse med at Forbrukerinspektørene på NRK laga eit kritisk program om norsk egg og kyllingproduksjon. Sjå sendinga her. Den eine kommentaren er denne: Måten du fremstiller denne saken på er virkelig helt latterlig. Jeg synes det er skremmende at det finnes mennesker i ditt yrke med disse holdningene. Du gir uttrykk for at bøndene ikke bryr seg om hvordan dyrene deres har det og at de ikke gjør sitt ytterste for at de skal ha et fint liv. I tillegg beskylder du bransjen for å ville holde det hemmelig hvordan maten produseres. Hvor i all verden tar du det fra? I NRKs program stilte bøndene velvillige og ærlige opp for å gi folk et mer virkelighetsnært innblikk i hvordan livet på en gård virkelig er. Dette burde de hedres for. Jeg er selv godt kjent med hvordan både burhøns og kyllinger lever og vet at hønene ikke ville ha lagt egg og kyllingene ikke

Forbrukerinspektørane på NRK avdekker ingenting anna enn godt kjent fagkunnskap om høner og kylling

I går sende Forbrukerinspektørene på NRK eit program om produksjon av norsk kylling og egg. Er solegg betre for deg, og har løsdriftshøns det betre enn burhøns? Svaret er nei.  Egentlig er det ganske rart at ein skal måtte lage gravejournalistikk for å få fram godt kjent fagkunnskap. Det handler mest av alt om å avdekke merkevarer.  Det er per idag godt kjent at lausdrift ikkje er betre for høner, ofte verre. Det er også godt kjent at kvitt kjøt frå dyr som kun et kraftfor, ikkje er bra for helsa di. Ingenting av det som her kjem fram er nytt for den som kan litt om dette feltet, men det er skremmande nok nytt for ganske mange. Sjå programmet her

Fjørfenæring på ville vegar

Per Olaf Lundteigen har vore ute fleire gongar og refsar norske kyllingprodusentar for å produsere sjuk og usunn slaskekylling. Då mobilserer bønder, Bondelaget og politikarar frå Senterpartiet mot Lundteigen. Det er viktig å halde dette hemmeleg. Forbrukarane skal ikkje vere klar over korleis produksjonen foregår.  I vår skreiv eg ein kommentar om dette i Klassekampen basert på ny forskning. Kvitt kjøt farleg for helsa di  No har NRK laga ein dokumentar som viser det same, Rødt kjøtt er sunnare enn kvitt, basert på den same forskninga. David Koht-Norbye, leiar i Fjørfelaget, skriv på lesarbrevplass i Nationen sist veke: «Når hun (Viken) skriver om «stadig aukande burbasert produksjon av kjøt (fjørfe)», avslører hun fullstendig mangel på kunnskap om norsk produksjon av kylling og kalkun.» Fjørfelaget vil forsvare den uetiske fjørfenæringa med nebb og klør. Lesarbrevet var eit svar på min kronikk om sekterismen i Bondelaget og korleis ein forsvarer og dekker til kritikkverdige f

Utan innlagt vatn, dusj og internett, duger helten best

Sidan eg så og sei aldri skriver noko om kva eg bedriv på fritida her på denne bloggen, gjer eg idag eit unntak. Budde her i dette stabburet frå 1700-talet tre månader i sommar. Utan internett, innlagt vatn og dusj. Det var glimrande. Vinden bles inn gjennom vegga og det kunne bli ganske mørkt her om kvelden, ute altså. Inne var det elektrisk strøm. Utsikta var vakker over Storsjøen og rundt stuga gjekk hestar på beite. Her låg ein middelaldersk avrettarplass der ein brukte høgge av folk armar, føter og andre passande kroppsdelar i middelalderen og tidlegare. Kyrkja som ligg like ved vart påbegynt på 1200-talet og ein frende av Olav den Heilage ligg under golvet der. Hackås kyrkje er Sveriges eldste steinkyrkje, eller nest eldste. Like utanfor døra til stuga gjekk pilgrimsvegen til Nidaros. Dei gjekk ned ved kyrkja, 300 meter lenger bort, ned til sjøen og rodde over. På andre sida av sjøen ligg ei avlatskyrkje. Det betyr at ein ved å dra dit kunne kjøpe seg fri eit visst antal dagar

Med døden på jobb

Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger. Signert-artikkel som stod på trykk i Klassekampen 1.oktober 2010 Eg har som veterinær havna oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Det er ikkje koselig å trekke på seg verneutstyr og masker, og gå inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig. Under ein sermoni i Roma i juni erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda. Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga av dampmaskina førte til at ein kunne sende levende kveg over store avstander med jernbane og skip. Konsekvensene var katas