Kvifor slapp ikkje NRK inn på slakteri? Pluss ein del informasjon om kor sjuke norske kyllingar og kalkunar er, likevel veks dei.
På bloggposten Fjørfenæring på ville vegar fekk eg nokre kommentarar eg vil trekke fram her. Bloggen vart skriven i forbindelse med at Forbrukerinspektørene på NRK laga eit kritisk program om norsk egg og kyllingproduksjon. Sjå sendinga her.
Den eine kommentaren er denne:
Måten du fremstiller denne saken på er virkelig helt latterlig. Jeg synes det er skremmende at det finnes mennesker i ditt yrke med disse holdningene. Du gir uttrykk for at bøndene ikke bryr seg om hvordan dyrene deres har det og at de ikke gjør sitt ytterste for at de skal ha et fint liv. I tillegg beskylder du bransjen for å ville holde det hemmelig hvordan maten produseres. Hvor i all verden tar du det fra? I NRKs program stilte bøndene velvillige og ærlige opp for å gi folk et mer virkelighetsnært innblikk i hvordan livet på en gård virkelig er. Dette burde de hedres for.
Jeg er selv godt kjent med hvordan både burhøns og kyllinger lever og vet at hønene ikke ville ha lagt egg og kyllingene ikke ville ha utviklet seg riktig hvis de ikke hadde det bra. Faktum er at dyrene trives fordi de har det de trenger.
Mitt svar:
Om du såg fjørfeprogrammet på NRK såg du at journalisten ikkje fekk sleppe inn på slakteri. Kvifor slepp ikkje NRK inn? Det er mange reglar for korleis ein skal drive slakteri. Det er ikkje alle desse som blir fulgt. Vi veit eksempelvis at på eit kyllingslakteri på Jæren er ikkje utstyret tilpassa storleiken på kyllingane. Det betyr at hovudet ikkje blir kappa av slik det skal på alle. Eg har sjølv vore inne på slakteri der ein kasta sauer gjennom lufta og transporterte dei opp ned fram til avliving, blant anna. Sauer kom inn til slakteriet med avrivne bein fordi slaktebilen hadde gliper mellom golv og vegg der sauene sette seg fast. Dette er ikkje scener ein vil ha på NRK. Blant anna. Men no er ikkje alle slakteri slik, men dei finst, dessverre, i Norge.
At dyr må ha det bra for å produsere, er ei sanning med store modifikasjonar.
Vi er fullstendig klar over at kalkun veks og utviklar seg til trass for kroniske leddskader, samt at kylling veks og utvikler seg trass bukbetennelse, som er svært vanlig. Vi er også fullt klar over at høner verp under ekstreme stressnivå. Leddskadane som er påvist hos kalkun i oppdrett fører til at kalkunane sit langt meir enn kva som er normalt. Om ein injiserer desse dyra med smertelindrande preparat, vil dei gå og bevege seg langt meir. Om ein så obduserer desse fuglane, finn ein store leddskadar. Dette er godt dokumentert. Er dette dyrevelferd? Er dette ein måte ein held dyr på dersom ein er opptatt av at dyr skal ha det bra? Svaret gir seg sjølv.
Kylling går ofte med bukholebetennelse, blant anna. Dette fører til at buken blir full av væske, og det er ein smertefull tilstand. Eg har sjølv vore med å obdusere slike kyllingar. Det sprutar gul gugge og puss ut av buken. Ein kjenner ofte på kyllingen før ein opnar den at buken er væskefylt. Er dette dyrevelferd? Dette er nemlig feite kyllingar. Dei veks unekteleg, men dei er like fullt sjuke med sterkt redusert velferd.
Og kvifor er det slik at desse dyra med desse lidingane greier å vekse og produsere? Fordi vi konsekvent har avla fram dyr som er i stand til å overleve i dette miljøet og fordi desse sjuke dyra har ein konstant, og lett tilgang til mat. Ute i naturen ville dei aldri ha klart seg. Dei er framavla for eit liv på betong.
Som veterinær er det ikkje min jobb å dekke til kva som foregår i landbruket. Min jobb er å påpeike mishald og etisk betenkeleg drift. Eg er ingen talsmann for norske bønder, men ein talsmann eller kvinne, for dyrs velferd. Eg er ikkje oppkjøpt av verken Nortura eller Bondelaget. Altfor mange veterinærar er knebla av lojalitet og frykt for bøndenes reaksjonar om dei gjekk ut med sine ærlege meiningar om fjørfenæringa. Eg er ikkje i den situasjonen sjølv om eg er praktiserande veterinær og køyrer storfepraksis blant til dels svært store gardar. Eg jobbar ikkje i Norge.
Det er stor skepsis innad i veterinærmiljøet mot fjørfenæringane, ikkje enda så uttalt, men det vil kome etterkvart, på same måte som veterinærane har sagt klart og tydelig nei til pels, som klokt er.
Vidare er det slik at bønder som bygget fjøs for fjørfe forheld seg til, og bygger etter minimumskrav, noko mange ser ut til å forveksle med idealkrav. Når bøndene går inn i slike næringar som kylling, kalkun og fjørfe, er det i høg grad aktuelt å stille spørsmål ved kva for etikk dei forfekter. Det er i vårt land ingen som pålegg folk å produsere industrikylling. Dei som driv denne produksjonen, vel det sjølv på trass av at vi med vår kunnskap er fullt klar over at desse næringane er dyreplageri. Ein kan dermed, ja, stille seg spørsmålet om dei som driv med dette bryr seg om dyrevelferd.
Ein annan kommentar som ein del burde tenke over, er denne:
Viktig viten for oss alle. Selv er jeg jeger, og opplever som andre jegere, mye hets fordi jeg skyter dyr i naturen for matens, sporten og spenningens skyld. Kritikerne spiser kyllingene du beskriver, med god samvittighet. En kan nesten si at uforstanden er så stor som dette: Jeg kjøper kjøttet i butikken, så jeg er sikker på at ingen dyr har dødd...
Det er på tide at forbrukarane forlangar etisk produsert mat.