Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra oktober 12, 2011

Fjørfenæring på ville vegar

Per Olaf Lundteigen har vore ute fleire gongar og refsar norske kyllingprodusentar for å produsere sjuk og usunn slaskekylling. Då mobilserer bønder, Bondelaget og politikarar frå Senterpartiet mot Lundteigen. Det er viktig å halde dette hemmeleg. Forbrukarane skal ikkje vere klar over korleis produksjonen foregår.  I vår skreiv eg ein kommentar om dette i Klassekampen basert på ny forskning. Kvitt kjøt farleg for helsa di  No har NRK laga ein dokumentar som viser det same, Rødt kjøtt er sunnare enn kvitt, basert på den same forskninga. David Koht-Norbye, leiar i Fjørfelaget, skriv på lesarbrevplass i Nationen sist veke: «Når hun (Viken) skriver om «stadig aukande burbasert produksjon av kjøt (fjørfe)», avslører hun fullstendig mangel på kunnskap om norsk produksjon av kylling og kalkun.» Fjørfelaget vil forsvare den uetiske fjørfenæringa med nebb og klør. Lesarbrevet var eit svar på min kronikk om sekterismen i Bondelaget og korleis ein forsvarer og dekker til kritikkverdige f