18. nov. 2011

Kåringa "Årets unge bonde": eit langt gjesp/ "er det ikkje litt harry at brekk utnevner sine eigne lokalpolitikarar til årets unge bonde"?

Dessverre tyder denne kåringa på at landbruket snakker til koret/ menigheten, ikkje til publikum.

Årets unge bonde er ikkje i tvil om kva som var høgdepunktet i høve kåringa.
– Det var utruleg kjekt å få kome til Brekk sitt kontor i lag med dei andre kandidatane. Det er veldig bra han tek seg tid til oss og høyrer på innspela me har, seier ho. (Nationen 18.november 2011).  Kandidaten heiter Elisabeth Holand (31).


Det er koseprat og enda meir koseprat når Lars Peder Brekk, Mc Donalds og Bygdeungdomslaget kårar årets unge bonde. Juryens leiar er sjølvsagt Brekk. Kanskje ikkje så rart det vert koseprata. Ein har jo, trygt og godt, kåra ein av sine eigne. Ein Sp-politikar. Det er feigt, det har slagside og det framhevar det vi mistenker frå før: her er det lite rom for politisk spekter og nytenkning. Brekk har løfta fram ein av sine trauste våpendragarar. Landbruket er satt lite nytenkande. Ein får ikkje inntrykk av innovasjon, nytenkning og spreke utspel. Ein får inntrykk av at det å vere satt og tradisjonell, er det som av landbruket blir ansett som ungt og lovande. Ein som følger partipisken og som går i opptrakka løyper utan å brøyte nytt.

Men nei, vi er ikkje overraska. Norsk landbruk er ikkje kjent for å tenke nytt. Ei heller har dei mot til å fronte andre enn dei tradisjonelle. Ein vågar ikkje løfte dei fram, og ein  maktar ikkje handtere sine kritikarar med anna enn kontant avvisning.

Kvifor vann ikkje kandidaten Tore Jardar Johannessen Wirgenes? Kanskje fordi han offentleg har meldt seg ut av Bondelaget og kritisert Brekk. Ein slik kandidat vågar ikkje Brekk å kåre. Vi kjenner Brekk. Vi veit han ikkje tåler uenighet eller å bli motsagt. Johannessen Wigrenes som driv med frittgåande grisar og er representant for Miljøpartiet de Grønne, ingen traust Sp-gubbe. Som i intervjuet med Nationen sa at han diggar Svenn Arne Lie. Det kom sjølvsagt ikkje på trykk.

Feigt. Traust. Kjedeleg. Tannlaus. Slik er kåringa av årets tøffel-bonde.

Nei, Johannessen Wirgenes er for spesiell. For nyskapande. For trendy, for eigenrådig og for kritisk til landbrukspolitikken og sittande gubbevelde. Men medan vinnaren bringer med seg gufs frå sekterismen i landbruket, står blant andre Johannessen Wirgenes for nisje og nytenkning.

Forakt for slik feigheit.

Sjekk Brekks svar til mitt spørsmål i Nationens nettmøte med Brekk:

Skapte engasjement (saka Brekk fekk sterk kritikk, Nationen 18.november 2011):

Nokre av spørsmåla skapte spesielt stort engasjement hos ministeren. Viken: «Hvorfor kåret Brekk Årets unge bonde, en senterpartipolitiker? Man mistenker jo ganske raskt at denne kåringen har politiske føringer, samt at den avdekker sneversynet i landbruksdebatten. En våger ikke fremheve de mer utradisjonelle bøndene med andre politiske standpunkt, men heier frem de enige og konvensjonelle, ikke de nytenkende».
Brekk: – Det er ganske utrolig at du på denne måten snakker ned vinneren av Årets unge bonde. Vi har vært mange i juryen, og det har vært fl ere gode kandidater. Jeg kjenner ikke de enkeltes partibakgrunn. Jeg synes at du på et feilaktig grunnlag systematisk omtaler landbruket og matproduksjonen i Norge på en negativ måte. Foreslår at du kobler av autopiloten, svara Brekk."

Brekk svarer ikkje på min kritikk, men går på defansiven. Svaret står seg svært godt som symbolikk.


Men tilbake til høgdepunktet for årets unge bonde, lat oss ta det igjen: det var å kome til Brekks kontor.

Og lat oss gjenta eit anna sitat: Det er veldig bra han tek seg tid til oss og høyrer på innspela me har, seier ho. 

Det er veldig bra at han tek seg tid til å høyre på oss! Dette er sånne sitat ein forventar seg frå ein skuleelev på ekskursjon i hovudstaden, ikkje frå ein representant som vert løfta fram som Årets unge bonde. Men slik blir det vel når ikkje kritisk samfunnsdebatt er målet, men koseprat. Kåringa er i grunnen totalt uinteressant utover at den segmenterar at landbruket er traust, tradisjonelt og ikkje særleg nytenkande. Det mest interessante er at avsendarane ikkje ser det sjølv.

Kåringa gir motsatte signal av kva som var tanken: å auke rekrutteringa.


Ås (NTB): Elisabeth Holand fra Vestvågøy kommune i Lofoten ble onsdag kåret til årets unge bonde.
31-åringen driver gård med produksjon av melk, storfekjøtt og poteter. Hun har flere tillitsverv i landbrukets organisasjoner, er varaordfører i Vestvågøy, styremedlem i Nordland Senterparti og alenemor til fire barn.

- Holand er et sunt forbilde som representerer en ny generasjon bønder. Hun kombinerer et spennende yrkesvalg med et aktivt familieliv og betydelig samfunnsengasjement, sier landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp).



Eit betydelig samfunnsengasjement i Senterpartiet. Sikkert også forhenverande i Bygdeungdomslaget. Supert å møte minstern, super å kikke inn på kontoret. Gode kaker, ja takk ei til.

Skuffelse. Er dette alt unge bønder har å by oss på? Er virkelig juryen så kjedelege som dei gir inntrykk av? Kåringa ber preg av koseprat, kaffe og vaflar. Kva er då poenget med kåringa? Eit PR-stunt for næringa? Muligens, men med eit par slagsider: Den utkåra bonden skal utdanne seg til pedagog. For å ha fleire bein å stå på ved sida av garden.

God reklame, folkens. Du kan ikkje leve av å vere bonde i Brekks kongerike. Du må ha ein ekstrajobb. 

Men dette blir ikkje sett på som eit teikn på den dårlege økonomien. Det blir, underleg nok, vurdert som handlekraft. Sjølvsagt. Men handlekraftig? Det er jo eit faresignal: dumpa inntektsnivå.

Men målet med kåringa er trass alt koseprat. Men koseprat er kjedelig, like dørgande kjedeleg som sakene med den utkåra i Nationen. 

I bondeyrket blir det ansett som handlekraft å jobbe 18 timar i døgnet, bruke billeg arbeidskraft og rydde kulturlandskapet for luselønn. Attpåtil skal ein ha jobb på si. Då tek ein ansvar.

Jada.

Handlekraft? Nei, det minnar mest om det motsette. Skal ein virkelig måtte ha to yrker for å overleve som bonde? Har ein akseptert landbruket som ei venstrehandsnæring? Ei næring der ein tjener dårleg og må forsørge seg på andre måtar, utanfor garden? Eventuelt der ein må kutte ned på forbruk for å greie seg? Ikkje alle er villege til å godta desse premissa. Difor legg mange ned. 

Tenk om dei i (den fiktive) serien om årets veterinær fortalde at han/ ho no skulle utdanne seg til sjukepleiarar for å ha fleire bein å stå på. Veterinærjobben gjekk nemlig ikkje an å leve på. For nokre signal å sende ut. For ei god reklame for veterinær som yrke: fin utdanning, artig jobb, men du kan ikkje leve av denne jobben.

Hurra hurra! Årets unge bonde er reklame for partitruskap, dobbeltarbeid og vaffeljern! Skal du bli bonde: skaff deg ei ekstra utdanning. Å leve av garden kan du berre gløyme. Meld deg inn i Sp, bli traust og oppfør deg som ein skuleelev når du kjem til Oslo. WOW, for eit kontor du har, Brekk!!!! Bønder i byn, ass.

Arbeidet mot media er viktig, sa årets unge bonde i eit av sine svar frå nettmøtet med henne hos Nationen.

Det er eit svært godt poeng. Dessverre tyder denne valg av vinnar på at landbruket snakker til koret/ menigheten, ikkje til publikum. Dei kommuniserer innover, ikkje utover. Det er feil strategi om næringa ønsker å auke rekrutteringa.

Gjesp.